Tresfjord skule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tresfjord skule
KommuneVestnes kommune
Kart
Tresfjord skule
62°31′17″N 7°07′36″E / 62.521333333333°N 7.1266388888889°E / 62.521333333333; 7.1266388888889

Tresfjord skule var eit oppvekstsenter med barnehage og barneskule i Vestnes kommune i Møre og Romsdal.[1]

Fram til hausten 2020 var Tresfjord skule del av Tresfjord oppvekstsenter, med barneskule i ein etasje og barnehage i fyrste etasje. Det hadde også eit lite SFO-tilbod.[2] Så vart elevane flytta til Helland barneskule, medan ungdomsskulelevar frå Helland nytta bygget i samband med ombygginga av Helland skule.[3] Skulebygningen ligg nær hovudvegen, like ved den lokale butikken og den lokale kroa.

Elevane på barnesteget kom frå området rundt Tresfjorden. Det var om lag 36 elevar på skulen i skuleåret 2014-15.

Oppvekstsenteret hadde ein reinhaldar, ein vaktmeister og ein driftsleiar. I skuleavdelinga var det fem lærarar og to assistentar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Budstikke, Olav Skjegstad/Romsdals (19. november 2019). «(+) Vil legge ned skulane i Tresfjord og Fiksdal». smp.no. Henta 21. desember 2020. 
  2. «SFO», www.vestnes.pedit.no, henta 25. september 2021 [daud lenkje]
  3. «Tresfjord oppvekstsenter - Vestnes kommune», www.vestnes.kommune.no, arkivert frå originalen 25. september 2021, henta 25. september 2021 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]