Metanol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tresprit)
Metanol
Synonym:Metylalkohol, Tresprit
Kjemisk formel:CH3OH
Fysiske eigenskapar
Molekylvekt32,04186 g/mol
Tettleik:791 mg/cm3 (20 °C)
Smeltepunkt:-97 ° C (101,325 kPa)
Kokepunkt:64,7 ° C (101,325 kPa)
Brytingsindeks:1,329
Identitetsnummer
CAS-nummer:67-56-1

Metanol (metylalkohol' ', også stava methanol, og ofte kalla tresprit) er det enklaste medlemet i alkoholgruppa. Ved romtemperatur og under atmosfærisk trykk er stoffet ei fargelaus, flyktig væske. I motsetnad til etanol, som er det stoffet ein vanlegvis tenkjer på som alkohol, er metanol svært giftig! Stoffet kan brenna i surstoffhaldig, atmosfærisk luft under danning av karbondioksyd og vatn (2CH3OH + 3 O2 → 2CO2 + 4H2O ).

Metanol brenn med ein nesten usynleg flamme.

Teknisk bruk[endre | endre wikiteksten]

Metanol vert brukt til:

drivstoff i racemotorer

  • Frostvæske
  • Drivstoff, m.a. i radiostyrte modellfly
  • Løysingsingsmiddel
  • Råstoff i produksjonen av andre kjemikalia, t.d formaldehyd

Helse og sjukdom[endre | endre wikiteksten]

Metanol kan drikkast i den tru at det er etanol, eller stoffet kan koma inn i kroppen ved innanding. I alvorlege tilfelle kan metanolforgifting føra til blindheit og død.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]