Trettitodelsnote

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Music-thirtysecondnote.png
Fire trettitodelsnotar bunde saman ved hjelp av notebjelkar.

Ein trettitodelsnote, på italiensk biscroma, er i musikknotasjon ein note som tilsvarar 1/32 (éin trettitodel) av verdet til ein heilnote. Med andre ord går det 32 trettitodelsnotar på den tida det tek å spele éin heilnote. Ein einskild trettitodelsnote er avbilda med hovud, hals og tre faner festa til halsen. Som regel opptrer trettitodelsnotane i grupper, der alle notane er bunde saman ved hjelp av tre vannrette notebjelkar. På den måten blir det òg mykje lettare for musikarar å lese partitur der notane finst.