Treungen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Treungen
Tveitsund
tettstad
Gjestgjevargarden i Treungen
Land  Noreg
Fylke Telemark
Kommune Nissedal
Areal 1,01 km²
Folketal 542  (2023)
Folketettleik 537 / km²
Postnummer 3855 TREUNGEN
Kart
Treungen
59°01′14″N 8°31′13″E / 59.0206389°N 8.5202°E / 59.0206389; 8.5202
Wikimedia Commons: Treungen

Treungen er ein tettstad og ein tidlegare kyrkjesokn i Nissedal kommune i Telemark fylke.

Vasstårnet og lokstallen på nedlagde Treungen stasjon

Treungen tettstad[endre | endre wikiteksten]

Tettstaden Treungen, òg kalla Tveitsund, med 542 innbyggjarar per 1. januar 2023 er administrasjonssenter i kommunen. Han ligg ved sørenden til innsjøen Nisser, 40 km vestom Prestestranda, 40 km sørom Kviteseid og 33 km nordom Åmli.

I perioden 1913-1967 var Treungen endestasjon for den no nedlagde Treungenbanen som hadde si andre ende i Arendal. Jernbanekommunikasjonen var avgjerande for utviklinga av tettstaden. I Treungen ligg Tveit skule med Nissedal ungdomsskule.

Tveitsund[endre | endre wikiteksten]

Tveitsund med Tveitsund bru

Opphavleg var Tveitsund ein gard som blei skilt ut i frå Tveit på 1700-talet. Midt på 1800-talet blei fleire hus oppførte på staden. I 1848 bygde Hans Halvorsen hus ved sundet og tok til som ferjemann. Nisser blei etter kvart trafikkert av passasjerbåtar og fraktebåtar. Fartyet Dølen vart teke i bruk i 1867 med plass til 120 passasjerar. I 1883 kom båten Nissen med plass til 80 passasjerar og i 1909, Fram, eigd av Strand hotell, opphavleg ein tømmerslepebåt. Dølen var drift mellom Tveitstod Brygge, nordaust i Tveitsund, og Vråliosen fram til 1937.

I 1914 blei det på vestsida i Tveitsund sett opp eit sagbruk med dampmaskin og mange arbeidsplassar. Bruket tok unna ein god del av tømmeret som kom sørover på Nisser. I 1913 opna ei jernbanelinje mellom Arendal og Tveitsund, etterkvart kalla Treungenbanen. Ved stasjonsbygninga, på Tveitsund si vestside, blei lokstall og andre bygningar oppførte. På kommunestyremøte i 1911 kom det fram klage på at jernbanen kom på feil side av sundet.

I 1918 stod Tveitsund bru ferdig. Brua har eit steinkvelv med ei 51 meter lang spenn. Brua vart freda kulturminne i 1999. Trafikken auka kraftig, ikkje berre til Nissedal kommune, men òg vidare til Vrådal, Kviteseid og vidare vestover. Tveitsund vaks. Fire mindre hotell blei sett opp. Etterkvart kom bustadhus, butikkar, bensinstasjonar og andre servicebedrifter og produksjonsbedrifter. Tømmeret frå Nissedal og Vrådal blei i mange år flota på Nisser gjennom Tveitsund på Nidelva til Arendal.

Det blei så bygd ei jernbanebrygge med heisekran som leste tømmeret frå Nisser opp på jernbanevogner.[1] Viktigare for jernbanen var transporten av jernmalm, som dagleg vart frakta frå Søftestad Gruber i Nissedal til jernbanestasjonen i Tveitsund, ein avstand på 20 kilometer. Malmen blei trasportert vidare med jernbane til Arendal, deretter med båt til Tyskland. Malmtransporten stoppa i 1965. Siste tog på jernbanen gjekk 30. september 1967. I 1968 blei det bygd kommunehus i Tveitsund, noko som understreka Tveitsund si rolle som eit sentrum for Treungen og Nissedal kommune.[2]

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling i Treungen tettstad
År Innbyggjarar
1920
  
205
1930
  
207
1946
  
304
1950
  
178
1980
  
467
1990
  
390
2000
  
343
2009
  
361
2012
  
382
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar

Det finst ikkje tal for 1960 og 1970. Tettstaden hadde då truleg færre enn 200 innbyggjarar.

Treungen sokn[endre | endre wikiteksten]

Treungen kyrkje

Treungen sokn femna om søre delen av Nissedal kommune, medan Nissedal sokn femna om den nordre delen. Etter hundreårsskiftet 1900 var Treungen det folkerikaste av kommunens to sokn. Frå og med 2012 er dei to sokna slegne saman til eitt, Nissedal sokn. I 2010 hadde Treungen sokn 1
028 inbyggjarar, og då hadde folketalet vore stort sett uendra i drygt hundre år.

Treungen kyrkje frå 1863 ligg 2,5 søraust for tettstaden, medan den førre kyrkja låg 1,5 km nordaust for tettstaden.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bjerke, Thor. Togbytte på Nelaug : en bok om jernbanene til Arendal, Grimstad og Treungen. Oslo : Norsk jernbaneklubb, 1989, 224 s.
  2. Åsen, Kjell (1931-) (1978). Nissedal bygdesoge: Treungen sokn. Nemnda. s. 167-174. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]