Treungenbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Treungenbanen
Bøilefos bro 2.jpg
Bøylefoss bru
Info
Type Jernbane
Status Nedlagt frå Nelaug til Treungen
Utgangsstasjon Arendal
Endestasjon Treungen
Tal på stasjonar 17
Drift
Opna 1908 (til Froland)
1913 (til Treungen)
Eigar Jernbaneverket
Operatør(ar) Tidlegare NSB
Type trafikk Passasjertog/Malmtog
Teknisk
Køyrestraum 15 kV, 16 ⅔ Hz
(Nelaug–Arendal (1996))
Sporvidde 1435 mm
Lengde 92 km

Treungenbanen er jernbanestrekninga mellom Arendal og Treungen i Nissedal kommune i Telemark fylke. Den nedre delen av banen er framleis i drift som ei sidelinje til Sørlandsbanen og blir i dag kalla Arendalsbanen. Denne artikkelen handlar om banen si første historie, som ein sjølvstendig jernbane frå Arendal til Treungen, og om sidebanen frå Nelaug til Treungen som vart nedlagt i 1967. Fram til 1913 vart Treungenbanen omtalt som Åmlibanen. I dag blir strekninga Nelaug-Simonstad halde ope som godstogspor.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Treungenbanen langs Nidelva.
Foto: Anders B.Wilse/Norsk Folkemuseum

Treungenbanen vart planlagt og bygd av NSB som ein lokalbane som skulle knytte Arendal til ein viktig del av opplandet sitt langs Nidelva. Arendal-Åmlibanen vart vedtatt bygd til Åmli i 1894, og strekninga frå Arendal til Froland kunne takast i bruk i 1908. I 1910 kunne banen opnast til Åmli, og i 1913 var banen ytterlegare lengd til Tveitsund eller Treungen, og det var frå dette tidspunktet banen først fekk namnet Tveitsundbanen, som etter kort tid vart endra til Treungenbanen.

Tunnelen ved Arendal stasjon, Barbutunnelen, og to bruer over Nidelva var dei største enkeltarbeida på banen. Den eine brua vart oppført som ei fagverksbru ved Froland kyrkje, den andre brua er Bøylefoss bru ei steinkvelvsbru ved Bøylefoss.[1]

Det vart diskutert å forlenge banen vidare til Fyresdal, men dette vart aldri gjort. Treungenbanen hadde ei sidelinje frå Rise til Grimstad. Denne strekninga var bygd som privatbane, men vart i 1912 overtatt av NSB og drive under namnet Grimstadbanen.

Tømmer- og malmtransport var eit av formåla med banen, og Treungenbanen hadde eigen jernbanekai og godsstasjon like ved hamna i Arendal. Men òg passasjertrafikk var viktig.

Både Treungenbanen og Grimstadbanen vart bygd for smalspora drift, men delar av banelekamen var ferdig profilert for normalspor.

Sørlandsbanen nådde Nelaug i 1935, og den gamle Treungenbanen vart delt i to sidelinjer. Som ei provisorisk ordning var Arendal Sørlandsbanens endestasjon. I samband med det var strekninga Arendal – Nelaug alt i 1935 bygd om til normal sporvidde. Det vart ein vanskelig situasjon den tida da banen frå Nelaug til Treungen framleis var smalspora. Alt gods måtte lastast om på Nelaug.

I 1946 vart òg den delen av Treungenbanen som låg nord for Nelaug bygd om til normalspor. Søftestad gruver var banens store kunde, og det gjekk malmtog fleire gonger i veka til Arendal. Malmen vart eksportert til industrien i Europa, særleg til Tyskland. Enkelte år vart det transportert 30-40 000 tonn malm med banen. Men i 1965 vart drifta av Søftestad gruver innstilt. I 1967 vedtok Stortinget å legge ned jernbanen frå Nelaug til Treungen alt frå same haust. Banen skulle erstattast med betre veg frå Åmli til Nissedal og med bussrute frå Arendal til Vest-Telemark. Riksveg 41, som òg blir kalla Telemarksvegen, følgjer på strekninga Åmli – Treungen for ein stor del den gamle jernbanetraseen. Telemark Bilruter har i dag kombinert rute frå Arendal til Seljord i Telemark.

Kulturminne[endre | endre wikiteksten]

Fleire bygningar ved den opphavlege Treungenbanen er i dag freda etter lov om kulturminne.

Rise stasjon er stasjonsbygninga og fleire andre bygningar freda.

Den tidligare stasjonsbygninga på Åmli stasjon blir nytta som folkebibliotek.

Sandå stasjon på Treungenbanen vart freda i 2002. Fredinga omfattar eksteriør og interiør av stasjonsbygninga, og eksteriør av privetbygningen. Arkitekt Ivar Næss har teikna bygningane som vart oppført i 1913. Bygningane blir i dag brukt til bustadformål.

Gaukås stasjon vart totalskadd av brann 1. august 2008. Bygninga var fråflytta på grunn av ein konflikt mellom eigarane og eit nærliggande lokalt søppeldeponi.

Linjekart[endre | endre wikiteksten]

Teiknforklaring
BSicon exKBHFa.svg 336,08 km Treungen (1913)
BSicon exHST.svg Heimdalsvegen (1941)
BSicon exBHF.svg 330,61 km Tjønnefoss (1913)
BSicon exHST.svg Ilekleiv (1930)
BSicon exhKRZWae.svg Høgefoss bru (41 m)
BSicon exHST.svg Lomsdalen (1935)
BSicon exHST.svg Nes (1935)
BSicon exTUNNEL2.svg Espebu (58 m)
BSicon exHST.svg 324,34 km Gaukås (1913)
BSicon exHST.svg Bjorevja (1947)
BSicon exHST.svg 318,88 km Øy (1913)
BSicon exHST.svg Liskjeringa (1949)
BSicon exHST.svg 313,42 km Sandå (1913)
BSicon exHST.svg Bjørnebakk (1936)
BSicon exHST.svg 308,93 km Seljås (1913)
BSicon exHST.svg Epletveit (1948)
BSicon exHST.svg Ferjesundet (1952)
BSicon exBHF.svg 303,15 km Åmli (1910)
BSicon exHST.svg 298,66 km Vallekilen (1910)
BSicon exTUNNEL2.svg Kløvfjell (186 m)
BSicon exHST.svg Kløvfjell (1955)
BSicon exHST.svg Kauneberget (1911)
BSicon exHST.svg Måmoen (1928)
BSicon exHST.svg 292,89 km Suplandsfoss (1944)
BSicon exHST.svg 290,69 km Simonstadhaugen (1955)
BSicon KDSTa.svgBSicon exSTR.svgBSicon .svg Nidarå Trelast
BSicon hKRZWae.svgBSicon ENDExa.svgBSicon .svg Straumen (ca. 40 m)
BSicon STR.svgBSicon DST.svgBSicon .svg 289,69 km Simonstad (1910)
BSicon STRl.svgBSicon ABZg+r.svgBSicon .svg
BSicon TUNNEL2.svg Fiskådal (71 m)
BSicon eHST.svg Øynes (1949)
BSicon eDST.svg 282,50 km Nelaug gamle stasjon (1910)
BSicon dLSTRq.svgBSicon ABZg+r.svgBSicon d.svg Sørlandsbanen frå Kristiansand
BSicon BHF.svg 281,41 km Nelaug (1910/1935) 141,1 moh.
BSicon d.svgBSicon ABZgl.svgBSicon dLSTRq.svg Sørlandsbanen til Drammen
BSicon eHST.svg 283,16 km Vimmekilen
BSicon SKRZ-Eu.svg Fv273
BSicon HST.svg 285,54 km Flaten (1910) 140,4 moh.
BSicon eHST.svg 286,66 km Flatefoss
BSicon eHST.svg 287,22 km Kilane
BSicon eHST.svg 288,85 km Haugsjå (1910)
BSicon eHST.svg 290,71 km Bøylefossbru (1911) 105,0 moh.
BSicon hKRZWae.svg 290,75 km Bøylefoss bru (over Nidelva) (73 m)
BSicon TUNNEL2.svg 290,83 km Bøylefoss (71 m)
BSicon HST.svg 293,28 km Bøylestad (1910) 75,0 moh.
BSicon eHST.svg 294,72 km Langeid
BSicon eHST.svg 295,85 km Eivindstad gard
BSicon BUE.svg Kv70
BSicon eHST.svg 297,39 km Eivindstad
BSicon HST.svg 299,51 km Froland (1908) 48,0 moh
BSicon hSKRZ-Ea.svg Fv157
BSicon hKRZWe.svg 300,07 km Nidelva (108 m)
BSicon eHST.svg 301,06 km Horvenes
BSicon TUNNEL2.svg 301,16 km Hurvenes (42 m)
BSicon eHST.svg 301,79 km Hurv (- 1989)
BSicon HST.svg 302,50 km Blakstad haldeplass (1989) 15,0 moh.
BSicon eHST.svg 302,86 km Blakstad bru (- 1989)
BSicon SKRZ-Eu.svg 42 Blakstad bru
BSicon SKRZ-Eu.svg 408
BSicon BUE.svg 408
BSicon eBHF.svg 303,51 km Blakstad stasjon (1908 - 1989) 46,0 moh.
BSicon eHST.svg 305,40 km Messel
BSicon BHF.svg 307,44 km Rise (1907) 44,8 moh.
BSicon eABZgr.svg Grimstadbanen, nedlagt
BSicon SKRZ-Eu.svg 408
BSicon STRo.svg Fv174
BSicon eHST.svg 309,77 km Rossedalen (1911)
BSicon STRo.svg Fv175
BSicon HST.svg 312,52 km Bråstad (1908) 38,9 moh.
BSicon HST.svg 313,79 km Stoa (2008)
BSicon STRo.svg 42 Sørsvannsveien
BSicon SKRZ-Eu.svg 42 Frolandsveien arm til E18
BSicon SKRZ-Au.svg Treungenbanen
BSicon eHST.svg 315,26 km Solbergvatn
BSicon STRo.svg 42 Frolandsveien
BSicon eHST.svg 316,23 km Torbjørnsbu (1911)
BSicon TUNNEL1.svg 316,42 km Barbu (871 m)
BSicon eABZg+l.svg spor til Jernbaneverkstad
BSicon SKRZ-Eu.svg 410 Blødekjærtunnelen
BSicon BHF.svg 317,63 km Arendal (1908) 7,6 moh.
BSicon SKRZ-Eu.svg 410 Barbudalen
BSicon SPLa.svg
BSicon vSHI1l-ENDEe.svg Buttspor for motorvogn
BSicon ENDExe.svg
BSicon exSTR+l.svgBSicon exABZglr.svgBSicon exSTR+r.svg Godsspor i Barbudalen
BSicon exBUE.svgBSicon exBUE.svgBSicon exBUE.svg 410 Kystvegen
BSicon exSTR.svgBSicon exKDSTe.svgBSicon exSTR.svg Arendal godshus
BSicon exSTR.svgBSicon .svgBSicon exKDSTe.svg Jernbanekaia, (Barbubukt aust)
BSicon exKDSTe.svgBSicon .svgBSicon .svg Arendal Tollbodkai (Arendal hamn)


Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bjerke og Tovås, s. 25

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bjerke, Thor og Holom, Finn m.fl (2004). Banedata 2004. Oslo / Hamar: Norsk Jernbanemuseum & Norsk Jernbaneklubb. s. 266–270. ISBN 82-90286-28-7. 
  • Bjerke, Thor og Ove Tovås: Togbytte på Nelaug. Norsk jernbaneklubb 1989. ISBN 82-90286-10-4

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]