Trevatna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trevatna
innsjø
Søndre Trevatn nær Trevatn stasjon
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Søndre Land
Høgd over havet 384 moh.
Areal 4,73 km²
Kystlengd1 28,26 km
Koordinatar 60°38′22″N 10°25′55″EKoordinatar: 60°38′22″N 10°25′55″E
Kart
Trevatna
60°38′22″ N 10°25′55″ E
Wikimedia Commons: Trevatna
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Trevatna er ein innsjø som ligg i Søndre Land kommune i Innlandet. Sjøen er nærast delt i to på midten, og dei to delane er knytt saman av det smale sundet Nora. Den nordlege delen av sjøen ligg i nord-sør-retning, den sørlege i nordvest-søraust-retning. Breidda er for det meste skogkledde, berre på austsida av sjøen sin sørlege del finst det nokre gardar. På vestsida den sørlege delen går den nedlagde jernbanelinja Valdresbanen, medan fylkesvegen mellom Land og Toten går på austsida, og rundar nordenden av sjøen. Sjøen har gjeve namn til stasjonen Trevatn på Valdresbanen.

Trevatna mottar tilløp frå elvane Skjerra i aust og Skjegga i nord, og renn ut i Fallselva i nordenden. Frå her renn vatnet ut i Randsfjorden.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.