Trevor Francis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Trevor Francis
Nottingham Forest FC (Amsterdam, 1980) - Trevor Francis.jpg
Fødd 19. april 1954
Fødestad Plymouth
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1971–1979
1978–1979
1979–1981
1981–1982
1982–1986
1986–1987
1987–1988
1988
1988–1990
1990–1994
1971–1994
Birmingham City
Detroit Express (lån)
Nottingham Forest
Manchester City
Sampdoria
Atalanta
Rangers
Wollongong
Queens Park Rangers
Sheffield Wednesday
Totalt:
280 (119)
038 0(39)
070 0(28)
026 0(12)
068 0(17)
021 00(1)
018 00(0)
003 00(2)
032 0(12)
076 00(5)
629 (233)
Landslag
1976–1986 England 052 0(12)
Trenar for
1988–1990
1991–1995
1996–2001
2001–2003
Queens Park Rangers
Sheffield Wednesday
Birmingham City
Crystal Palace
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 18. februar 2011
‡ Landslagsmål oppdatert 18. februar 2011

Trevor John Francis (fødd 19. april 1954) er ein britisk-engelsk tidlegare fotballspelar frå Plymouth. Angrepsspelaren er særleg kjend for sin mange sesongar med Birmingham City og sine triumfar med Nottingham Forest. Han var med å vinne Europacupen i fotball både i 1979 og 1980.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Francis slo gjennom med andredivisjonslaget Birmingham City då han var 16 år gammal. I 1972 var han sterkt delaktig då klubben rykte opp i toppdivisjonen. I februar 1979 vart han overført til topplaget Nottingham Forest mot 1,15 millionar pund, den gongen det klart største vederlaget for ein britisk spelar. Den 30. mai 1979 vart han matchvinnar då han i finalen i europacupen i München skåra kampens einaste mål. Året etter ytte han sitt til at Nottingham Forest forsvarte europacuptriumfen, ein skade gjorde at han måtte sjå finalen frå sidelinja.

Frå hausten 1981 til han la opp ved utgangen 1993 var Francis innom sju ulike klubbar. Flest kampar fekk han med italienske Sampdoria, der han vart cupmeister i 1985, og med Sheffield Wednesday, sin siste klubb. I ein sesong med Rangers FC i skotsk klubbfotball vart han ligacupvinnar.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Francis deltok i 52 landskampar frå debuten i februar 1977 til avskjeden i april 1986. I desse kampane skåra han 12 mål. Han spelte alle fem kampane til England under VM i fotball 1982 og skåra to av dei seks måla til England i turneringa.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av Europacupen: 1979 og 1980 med Nottingham Forest
  • Cupvinnar i Italia: 1985 med Sampdoria
  • Vinnar av ligacupen i Skottland: 1987 med Rangers FC

Kjelder[endre | endre wikiteksten]