Triboelektrisitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei triboelektrisk rekke:
Mest positivt ladd
+
Menneskehud
Skinn
Kaninpels
Glass
Kvarts
Menneskehår
Nylon
Ull
Bly
Kattepels
Silke
Aluminum
Papir (Liten positiv ladning)
Bomull (Ingen ladning)
0
Stål (Ingen ladning)
Tre (Liten positiv ladning)
Rav
Akryl
Isopor
Gummiballong
Harpiks
Hard gummi
Nikkel, Kobber
Svovel
Messing, Sølv
Gull, Platina
Acetat
Syntetisk gummi
Polyester
Styren
Plastfolie
Polyeten
Polypropen
Vinyl (PVC)
Silisium
Teflon
Ebonitt
Mest negativt ladd

Triboelektrisitet eller gnidingselektrisitet er eit fenomen som gjer at dersom to spesifikt ulike materiale kjem i kontakt med kvarandre og så vert tekne frå kvarandre, vil begge materiala vera elektrisk lada. Effekten vert spesielt stor viss materiala vert gnidd mot kvarandre.

Kor sterk ladning og kva for eit materiale som blir positivt eller negativt ladd, avheng av fleire faktorar. Fyrst og fremst er typen av materiale viktig, men også overflateruheit, temperatur og andre eigenskapar har noko å seia.

Ulike typar materiale kan vera lista opp i ei liste der to materialer som er langt frå kvarandre på lista, vil gje større ladning enn to materiale som er nærme kvarandre. Til høgre er ei slik liste.

Når ein opplever at ein får støyt i seg eller at ein festar ein ballong i taket etter å ha gnidd han mot håret, kan ein takka den triboelektriske effekten.

Generatorar som har som formål å generera elektrostatisk ladning slik som for eksempel Van de Graaff-generatoren gjer og nytte av den triboelektriske effekt.