Tribun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein tribun var i Romarrikets eldste tid truleg ein militær tittel som vart nytta om førarane for kavaleriet. Tribunar kunne òg leie senatet og folkeforsamlingane på vegner av kongen. Etter at militærvesenet i Romarstaten vart omordna vart tittelen nytta om dei høgste offiserane i legionen (tribuni militum).

Seinare vart tribun namnet på fleire embetsmenn med forskjellige oppgåver i krig og fred. Dei viktigaste var embetsmenn som vart valde av plebeiarane til vern mot overgrep frå patrisiarane, dei såkalla tribuni plebis (folketribunar og allmugetribunar). Folketribunane var ukrenkjelege og fekk avgjerande innverknad på lovgjevinga gjennom å leie tribus-forsamlingane (Comitia tributa).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]