Trichoplax adhaerens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trichoplax adhaerens
Trichoplax adhaerens
Trichoplax adhaerens
Utbreiing
Utbreiinga av Trichoplax adhaerens
Utbreiinga av Trichoplax adhaerens
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Placozoa
Familie: Trichoplacidae
Slekt: Trichoplax
Art: T. adhaerens
Vitskapleg namn
Trichoplax adhaerens

Trichoplax adhaerens er eit lite, særs primitivt dyr som finst i marine botnsubstrat over heile verda. Arten manglar symmetri og består av nokre få tusen celler. Cellene er ikkje vidare differensiert utover eit skilje mellom over- og undersida, og er vanlegvis mellom 0,5 og 3 millimeter i diameter.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Kroppsplanet til Trichoplax er enkelt; han består av to celleplater med eit holrom mesenkymet i mellom. Cellene i det øvste laget er avflata og bèr eit flimmerhår kvar. I tillegg inneheldt dei små dropar med olje. Det nedste laget har òg eit flimmerhår per celle, men cellene her er meir sylindriske og manglar olje. Dei kan dessutan danna små innsnøringar for å ta opp det ekstracellulære materialet dyra lever av.

Mellom «rygg»- og «buk»-laga har Trichoplax eit mesenkym med amøbe-liknande celler som flyttar seg rundt i ein geleaktig støttestruktur.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Trichoplax brukar flimmerhåra på buken til å krypa over underlaget, på same måte som tøffeldyr og mange flatmakk. På same måte som amøbar kan dei dessutan til ein viss grad flytta på seg ved å endra kroppsform. Små individ kan i tillegg symja.

Dei tek opp mat gjennom fagocytose, det vil seie at einskildcellene lukkar seg rundt partiklar og bryt dei ned individuelt. Føda deira er hovudsakleg organisk detritus, mikroalgar, protozoar og bakteriar. Næringa dei tek opp vert sannsynlegvis transportert rundt i kroppen via mesenkymet.

Trichoplax

Trichoplax formeirar seg både aseksuelt og kjønna. Egga utviklar seg i mesenkymlaget, men me veit ikkje korleis dei vert danna. Kromosoma deira er særs små og inneheldt lite informasjon.

Evolusjon[endre | endre wikiteksten]

Trichoplax er eit særs primitivt dyr, og det har vorte spekulert ein del i kvar ein skal plassera dei systematisk. Grell (1982) meiner dei ulike cellene i det øvste og det nedste laget tilsvarar dei endo- og ektoderme cellelaga me finn hjå dei fleste fleircella dyr unnateke svampar. Dette vil plassera gruppa mellom svampar og nesledyr i stamtreet til dyreriket. Undersøkingar med mitokondrielt DNA (Dellaporta et al, 2006) støttar òg til ein viss grad dette synet.

Det er likevel langt frå semje om spørsmålet.

Genetikk[endre | endre wikiteksten]

I 2008 vart genomet til Trichoplax kartlagt for første gong. Mellom resultata av undersøkinga er mellom anna at organismen har det minste genomet av dei fleircella dyra, og at mange grunnleggjande biokjemiske prosessar er dei same i han som i andre dyr. Over 80 prosent av gena til Trichoplax finst òg i det menneskelege genomet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]