Trident Juncture 2018

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Trident Juncture 2018
Trident Juncture 2018 Logo.jpg
LandTrøndelag og Austlandet, Noreg
AktivOktober–november 2018
GreinHær-, sjø- og luftstyrkar
Storleik50 000 deltakarar frå 31 nasjonar

Trident Juncture 18, forkorta TRJE18, var ei NATO-leia militærøving som blei arrangert i Noreg i oktober og november 2018. Det var den største NATO-øvinga i Noreg sidan 1980-åra og samla rundt 50 000 deltakarar frå 31 nasjonar.[1][2] Cirka 150 luftfartøy og 65 sjøfartøy deltok i øvinga, i tillegg til rundt 10 000 landkøyretøy.[3][4][5] Øvinga fann i hovudsak stad i Trøndelag, Møre og Romsdal, Østfold, Oppland og Hedmark – og i luft- og sjøområde i Sverige og Finland. For Noregs del testa øvinga landets evne til å ta imot alliert støtte i form av soldatar og utstyr.[6]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Trident Juncture 2018

Under NATO-toppmøtet i Wales i 2014 vedtok alliansen å satse på større øvingar i Europa, såkalla høgprofil-øvingar. Øving Trident Juncture var ei av desse øvingane, og ho blei første gong halden i Italia, Portugal og Spania i 2015.[7][8][9] Samstundes vedtok alliansen å halde ei ny Trident Juncture-øving i 2018. Noreg tilbaud seg å vere vert for 2018-øvinga, og NATO takka i 2014 ja til det norske tilbodet.[10] Hovuddelen av øvinga fann stad i Midt-Noreg og indre delar av Austlandet.

Forsvaret omtala øvinga som den største og mest omfattande i Noreg sidan 1980-åra.[2][6][11][12]

Øvinga[endre | endre wikiteksten]

Trident Juncture 2018 gjekk føre seg i tre hovuddelar. Ein deployeringsfase frå august til oktober, ei feltøving frå 25. oktober til 7. november og til slutt ei kommandoplassøving frå 13. til 24. november.

Deployeringsfasen starta i august og innebar at soldatar, utstyr og militært materiell blei frakta frå deltakarnasjonane og til 27 ulike mottaksstader i Noreg. Materiellet og personellet kom til Noreg med cirka 180 flytransportar og 60 skipstransportar. Frå dei ulike mottaksstadene blei utstyret frakta vidare til øvingsområda med tog og lastebilar. NATO og Forsvaret etablerte rundt 50 leirar i samband med øvinga. Halvparten av leirane husa over 500 personar, og den største hadde plass til 5 500 menneske.

Under feltøvinga frå 25. oktober til 7. november gjekk deltakarane i gang med sjølve øvinga. Landstriden fann stad i områda sør for Trondheim og nord for Rena i Østerdalen. I tillegg var det sjøaktivitet langs Norskekysten og Nordsjøen, og i mindre område i Austersjøen og i Skagerrak. Det var òg luftaktivitet i luftromet over Noreg, Sverige og Finland.

Kommandoplassøvinga (command post exercise) frå 14. til 23. november 2018 var ei papirøving som skulle trene hovudkvartera utan at det er styrkar på bakken, på sjøen eller i lufta. Denne øvinga blei leia frå NATOs Joint Warfare Centre i Stavanger og var halden som ei datasimulering av sjølve spelet.

Fakta[endre | endre wikiteksten]

Øvinga hadde rundt 50 000 deltakarar frå heile NATO og samarbeidspartnarar som Sverige, Finland, Ukraina, Georgia og Jordan.[13] I tillegg deltok 150 fly, 65 skipsfartøy og 10 000 køyretøy.[3]

Ifølgje Forsvaret signerte NATO og Forsvaret kontraktar med norsk næringsliv for rundt 1,5 milliardar kroner i samband med øvinga. Det blei etablert rundt 35 000 senger, produsert 1,8 millionar måltid og levert 4,6 millionar flasker med vatn. Norske vaskeri vaska dessutan 660 000 kilo med klede under øvinga.[6]

Formål[endre | endre wikiteksten]

For NATO testa Trident Juncture 2018 alliansen si evne til å trene og operere saman, også i dei nordlege områda til alliansen. Mellom anna testa øvinga alliansens Very High Readiness Joint Task Force (VJTF). Øvinga testa dessutan NATOs personell og utstyr i kaldt vêr og kuperte landområde som i Noreg.[14][15]

For Noreg var øvinga ein test på korleis landet klarar å ta imot og handtere store militærstyrkar og militært utstyr frå mange land. Trident Juncture testa òg det fornya norske totalforsvaret – Noregs samla militære og sivile ressursar som skal førebyggje og handtere kriser og konfliktar. Mellom anna inneber det at sivile aktørar som helsevesen, NSB, Statens vegvesen og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap støtta Forsvaret i å vere vertskap for dei allierte styrkane i Noreg.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Forsvarets eigne tal om øvinga». forsvaret.no. Henta 17. oktober 2018. 
  2. 2,0 2,1 Forsvaret (2018). «Øver på forsvaret av Norge» (norsk bokmål). forsvaret.no. Henta 10. august 2018. 
  3. 3,0 3,1 NTB (12. juni 2018). «Trident Juncture: Slik blir NATOs megaøvelse i Norge». www.dn.no (norsk). Henta 10. august 2018. 
  4. NRK (2018). «Nato-øving «Trident Juncture»». NRK (norsk bokmål). Henta 10. august 2018. 
  5. Sveinung Berg Bentzrød (13. oktober 2018). «657.000 kilo klær skal vaskes. 1,8 millioner måltider inntas. Her er alt om NATO-øvelsen Trident Juncture.». Aftenposten. Henta 13. oktober 2018. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Forsvaret. «Faktaarkøvelse Trident Juncture 2018 (TRJE18)» (PDF). Faktaark frå Forsvaret (engelsk). Forsvaret.no. Henta 5. september 2018. 
  7. «Trident Juncture 2015». jfcbs.nato.int. Henta 10. august 2018. 
  8. PAO, Inci Kucukaksoy, JWC. «JWC - NATO begins Exercise TRIDENT JUNCTURE 14». www.jwc.nato.int (engelsk). Henta 10. august 2018. 
  9. «Trident Juncture 2018, the Defense of Norway and Working 21st Century Deterrence in Depth - Second Line of Defense». Second Line of Defense (engelsk). 23. mai 2018. Henta 14. august 2018. 
  10. Forsvarsdepartementet (4. februar 2015). «NATO sier ja til stor-øvelse i Norge i 2018». Regjeringen.no (norsk). Henta 10. august 2018. 
  11. «Den største militærøvinga i Noreg sidan 1980-talet». fylkesmannen.no (norsk bokmål). Henta 17. oktober 2018. 
  12. asa/dpa (27. september 2018). «Nato bereitet größtes Manöver seit dem Kalten Krieg vor» (tysk). Der Spiegel. Henta 27. september 2018. 
  13. «Ukraine to take part in Trident Juncture exercise as NATO partner country» (på engelsk). 
  14. «Exercise Trident Juncture 18 to demonstrate NATO’s ability to defend itself». NATO. 11. juni 2018. Henta 10. august 2018. 
  15. «Norway to host 70 vessels, 40,000 personnel for Trident Juncture 2018». Naval Today (engelsk). Henta 10. august 2018.