Trielar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Trielar


Triel, Burhinus oedicnemus
Triel, Burhinus oedicnemus

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Burhinidae

Trielar er ni artar fuglar i ei slekt Burhinus i ein biologisk familie Burhinidae. Familien samlar ei gruppe av hovudsakleg tropiske fuglar. Trass i at trielar er rekna som vadefuglar, føretrekk dei fleste artane tørre eller halvtørre habitat. Dei finst i tropisk sone over heile verda, somme artar hekkar i tempererte delar av Europa og Australia.

Trielar er middels store vadefuglar, ofte diskret farga med kamuflerande fjørdrakt, kraftige bein, tjukt nebb og spisse, lange venger. Beina på dei fleste artane har eit markert tjukt hælledd. Dei tre tærne på føtene er bunden saman med små hudlappar. Baktåa er tapt i denne familien. Eit anna kjenneteikn er store auge, oftast med ein gul iris. Dette er livlege, urolege fuglar med klagande, spoveliknande kall. Dei flyg fort og lågt med raske vengeslag og beina strekt langt bakover. Som ein hovudregel er dei tause under flukta. Dei fleste av artane er aktive i skymringa eller er nattaktive, bakkehekkande fuglar.

Desse fuglane finst i tempererte og tropiske område på jorda. I den vestlege palearktisk regionen er familien representert ved artane triel og flodtriel. Det store utbreiingsområdet av familien omfattar det sørlege og tempererte Europa, frå Kanariøyane i vest austover over Afrika til Tyrkia, med unntak av rein ørken og regnskogområde. Dessutan Midtausten, Sentral-Asia og Sør-Asia, Indokina, dei fleste øyane i Søraust-Asia, Ny-Guinea og Australia. Derimot er Nord-Amerika, New Zealand og Stillehavsøyane ikkje er koloniserte av artar i denne familien.

Trielar lever på tørre og halvtørre savannar, og på steingrunn ved kystar og elvebreidder. Dei finn habitat på dyrka mark berre unntaksvis.

Dietten består i hovudsak av insekt og andre virvellause dyr. Større artar vil også ta øgler og til og med små pattedyr.[1]

Dei fleste artane er standfuglar, men triel er ein sommarmigrant i den tempererte europeiske delen av leveområdet, og overvintrar i Afrika.

Artar[endre | endre wikiteksten]

Trielar i rekkjefølgje etter Clementslista frå desember 2008 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Harrison, Colin J.O. (1991). Forshaw, Joseph. ed. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. ss. 105–106. ISBN 1-85391-186-0. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]