Trikhonídasjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trikhonídasjøen
innsjø
Land  Hellas
Område Etoloakarnanía
Lengd 19 km
Areal 98,6 km²
Middeldjupn 58 m
Koordinatar 38°33′01″N 21°33′15″EKoordinatar: 38°33′01″N 21°33′15″E
Øyar ingen
Byar Myrtiá
Kart
Trikhonídasjøen
38°34′21″ N 21°33′9″ E
Wikimedia Commons: Lake Trichonida

Trikhonídasjøen (gresk Λίμνη Τριχωνίδας, Límni Trikhonídas) er den største naturlege innsjøen i Hellas. Han vert òg kalla Trihonida eller Trichonida , eldre former: Trihonis, Trikhonis og Trichonis. Han ligg i den austlege delen av periferieininga Etoloakarnanía, aust for Agrínio, sør for Evrytanía og nordvest for Návpaktos. Han har eit areal på 98,6 km² med ei lengd på 19 km og eit djup på opp til 58 meter. Innsjøen dekte tidlegare sentrale område av prefekturet òg, som i dag er ei slette. For ein million år sidan skrumpa innsjøen inn.

Ved breidda av innsjøen ligg vakre skogar med platanlønn, furu og andre tre. I tillegg finn ein jordbruksområde, om lag 200 fugleartar og fleire landsbyar. Ein av desse landsbyane er Myrtiá.