Trikken i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Trikken i Bergen
Museumstrikken Bergen 1.jpg
Transporttype Trikk
Stad Bergen i Noreg
Opna 1897-06-2929. juni 1897
Nedlagt 1965-12-3131. desember 1965
Drift
Eigar Bergens Elektriske Sporvei
Operatør Bergens Elektriske Sporvei
Linjer 4
Vognmateriell

Trikken i Bergen var ein dobbeltspora, elektrisk driven sporveg for persontrafikk i Bergen frå 1897 til 1965. AS Bergens Elektriske Sporvei, som opphavleg i stor grad var eigd av tyskarar, stod for bygging av liner og drifta av trikkane. Utgangspunktet for linenettet var Småstrandgaten i sentrum, og herfrå greina linenettet seg ut i tre hovudliner med endehaldeplassar i Sandviken, ved Nygårdsbroen og på Kalfartoppen, og med to stutte sideliner til Bradbenken og Sukkerhusbryggen, som vart teke ut av drift allereie i 1910. I 1911 vart det opna ei heilt ny line til Møhlenpris.

Sporvegsnettet hadde si største utstrekning i 1932 med linene 1, Sandviken – Torget – Småstrandgaten – Minde, 2, C. Sundts gate – Småstrandgaten – Fridalen, 3, Tyskebryggen – Torget – Møhlenpris, 4, Nordnes – Småstrandgaten.

Hovudaksjonæren i Bergens Elektriske Sporvei, Aktieselskabet, var tyske Union Elektricitäts Gesellschaft (overteke av AEG i 1904), som òg leverte trikkane. Skipsreiar Haakon J. Wallem kjøpte dei tyske aksjane i 1916, og i 1917 vart selskapet overteke av Bergen kommune og fekk namnet Bergens Sporvei. I 1973 vart namnet A/S Bergen Sporvei, men då var det slutt på all sporvegsdrift i Bergen, så selskapet hadde vorte eit buss-selskap.

Etter at trikkedrifta vart lagt ned i 1965, vart berre 400 meter av skjenegangen og straumleidninga på Møhlenpris teke vare på. I samband med at Bergens Tekniske Museum på Møhlenpris ynskjer å køyre museumstrikk i byen, har den «idealistiske organisasjonen» Bergens Elektriske Sporvei arbeidd for at lina gradvis skulle verte lengre etter kvart som ein har fått brukte skjener frå Trondheim. Trikken går no nokre turar på denne lina om sommaren som ein sommarattraksjon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]