Trine Bakke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Trine Bakke
Fødd 11. februar 1975
Trondheim
Yrke alpinist

Trine Bakke (fødd 11. januar 1975), ei tid Trine Bakke Rognmo, er ein norsk tidlegare alpin skirennar frå Trondheim. Ho vann bronsemedaljen i slalåm under VM i alpine greiner 1999 og gjekk til topps i to slalåmrenn i verdscupen i alpine greiner.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Bakke debuterte i verdscupen i 1994-sesongen. Ho deltok for Noreg under vinter-OLLillehammer, der ho vart nummer 19 i slalåm. Utover i 1997-sesongen byrja ho å nærme seg verdseliten i slalåm, med ein femteplass i Vail i mars månad som beste prestasjon. Den 1. mars 1998 fekk ho i Saalbach-Hinterglemm sin fyrste pallplass i eit verdscuprenn.

Midt i januar 1999 vann Bakke verdscuprennet i slalåm i St. Anton 1999, men høgdepunktet som alpinrennar opplevde ho då ho kapra bronsemedaljen i slalåm under VM 1999 i Vail, bak australske Zali Steggall og svenske Pernilla Wiberg. På nyåret 2000 tok Bakke i Maribor sin andre verdscuptriumf. Heilt på slutten av desember 2000 fekk ho dei to siste av totalt ti pallplasseringar i verdscupen, samtlege i slalåm.

Bakke heldt fram å tevle i verdscupen til 2006, og la endeleg opp etter 2009-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.