Hopp til innhald

Trine Krogh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trine Krogh
StatsborgarskapNoreg
Fødd18. januar 1955
Oslo
Død 3. mai 2014 (59 år)
Idrettkonkurransesymjing
Tok del i Sommar-OL 1972

Trine Krogh (18. januar 19553. mai 2014) var ein norsk symjar frå Oslo. Ho vart i 1973 nordisk meister på 200 og 400 meter medley og 200 meter butterfly. Krogh var medlem i Oslo Idrettslag.

Åra 1969 til 1974 vann Krogh 29 gullmedaljar i noregsmeisterskap på langbane, fordelt på 11 i frisymjing, 9 i butterfly og 9 i medley. På kortbane sanka ho 21 NM-titlar. Krogh sette 76 norske rekordar. Ho deltok i Sommar-OL 1972 og Symje-VM 1973, utan å ta seg til finalar. Ved Europameisterskapen i symjing 1974 la ho beslag på tiandeplassen i 100 meter butterfly.

Krogh døydde i Nesodden.