Trine Rein
| Trine Rein | |||
| | |||
| Fødd | 7. november 1970 (55 år) | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | San Francisco | ||
| Opphav | Noreg | ||
| Aktiv | 1988– | ||
| Sjanger | rock | ||
| Instrument | vokal | ||
| Plateselskap | EMI | ||
| Verka som | songar, musikar | ||
| Gift med | Lars Monsen | ||
| Sambuar med | Lars Monsen | ||
| Prisar | Spellemannprisen for årets nykommer | ||
Trine Rein (fødd 7. november 1970) er ein norsk songar. Ho er fødd i San Francisco og har både amerikansk og norsk statsborgarskap.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Rein er oppvaksen på Nesodden.[1][2] Etter eit kort opphald i USA, der ho jobba som limousinsjåfør, kom ho attende til Noreg.[3]
Rein fekk gjennombrot i 1993 med debutalbumet Finders, Keepers som låg øvst på salslistene i Noreg i fem veker og totalt selde til 3 gonger platina.[4] Albumet gav ho prisen Årets nykommer under Spellemannprisen 1993. Året etter vart ho nominert til årets spellemann under Spellemannprisen 1994, som dette året vart kåra delvis ved hjelp av publikumsrøyster.[5][6] I 1996 gav Rein ut det andre albumet sitt, Beneath My Skin. For albumet vart ho nominert til Spellemannprisen 1996 i klassa kvinneleg artist.[5]
Rein vart populær i Japan, der nesten to tredelar av totalt rundt 600 000 eksemplar av det fyrste albumet vart selde. I 2006 og 2007 deltok ho i Melodi Grand Prix. I 2009 deltok ho i Zebra Grand Prix på TV 2 Zebra, der ho saman med lagkameraten Jan Erik Larssen kom på førsteplass. Rein var deltakar i tredje sesong av Stjernekamp, der ho kom på andreplass. Ho har i fleire år turnert med eigen juleproduksjon. I 2021 vann ho Gammleng-prisen i klassa songar.[7]
I samband med Julegaven, eit musikkalbum frå 2011 med julesongar på norsk og engelsk, stod ho fram som kristen.[8]
I 2015 gifta Rein seg med villmarks- og ekspedisjonsfararen Lars Monsen.[9]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]- Finders, Keepers (1993)
- Beneath My Skin (1996)
- To Find the Truth (1998)
- Seeds of Joy (2010)
- Julegaven (2011)
- The Well (2017)
- Julegaven (2019) med Eli Kristin Hansveen
Singlar
[endre | endre wikiteksten]- «Just Missed the Train» (1993)
- «Stay With Me Baby» (1994)
- «Torn» (1996)
- «Do You Really Wanna Leave Me This Way» (1996)
- «The State I'm In» (1996)
- «Never Far Away» (1996)
- «David» (1997)
- «World Without You» (1998)
- «Stars and Angels» (1998)
- «Where Do We Go?» (2019) duett med Ole Børud
Samlealbum
[endre | endre wikiteksten]- The Very Best of Trine Rein (2004)
- 20 år midt i musikken - Hit'er & favoritter live (2013)
Anna
[endre | endre wikiteksten]- Time for Peace m. KOR-90 (2008)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Biography» (på engelsk). Henta 15. august 2020.
- ↑ 50 års omtale i Aftenposten 7. november 2020
- ↑ «- Det var rart å ha solgt en million album på verdensbasis og ikke ha råd til en kaffe». Dagbladet.no (på norsk). 10. oktober 2014.
- ↑ «Trine Rein går country». 28. september 2010. Henta 11. juni 2021.
- 1 2 «Spellemannprisens arkiv». Henta 11. juni 2021.
- ↑ «Traust nominasjon». Helgeland Arbeiderblad. 9. januar 1995. s. 22.
- ↑ «Rolf Gammlengs pris våren 2021». 1. juni 2021. Henta 11. juni 2021.
- ↑ Storhaug, Sofia (2. desember 2012). «Trine Rein: - Foreldrene mine lurte på gudstroen var ekte». VG (på norsk). Henta 9. oktober 2024.
- ↑ Hagen, Angelica; Skevik, Erlend (7. november 2015). «Trine Rein og Lars Monsen giftet seg i hemmelighet». VG (på norsk). Henta 9. oktober 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Trine Rein» frå Wikipedia på bokmål, den 15. november 2021.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]