Trinity College i Dublin

Koordinatar: 53°20′39″N 06°15′30″W / 53.34417°N 6.25833°W / 53.34417; -6.25833
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Trinity College Dublin)

53°20′39″N 06°15′30″W / 53.34417°N 6.25833°W / 53.34417; -6.25833

Trinity College i Dublin

MottoPerpetuis futuris temporibus duraturam
Grunnlagt3. mars 1592
StadDublin
Studentar18 174 (2016)
MedlemskapCoimbragruppa, World Wide Web Consortium, ORCID
Nettstadhttps://www.tcd.ie/ (engelsk), https://www.tcd.ie/gaeloifig/gaeilge/index.ga.php (irsk)
Hovedporten frå innsiden av kollegeområdet.

Trinity College, formelt Provost, Fellows and Scholars of the College of the Holy and Undivided Trinity of Queen Elizabeth near Dublin, irsk namn Coláiste na Tríonóide, Baile Átha Cliath er det einaste kollegiet ved University of Dublin, som er det eldste universitetet i Irland. Kollegiet vart oppretta i 1592 av Elisabeth I av England. Det ligg på College Green i sentrum av Dublin, rett ovanfor den gamle parlamentsbygningen som no tilhøyrer Bank of Ireland. Campus er på 190 000 m² med ei blanding av gamle og nye bygningar.

Ein av dei eldste skriftene i Irland, Book of Kells, er ein av hovudattraksjonane ved colleget, og trekkjer til seg mange turistar.

I praksis er kollegiet og universitetet same eining, og dei blir difor ofte kalla kollektivt University of Dublin, Trinity College. Det viktigaste unntaket frå dette er måten universitetsgrader vert gjevne på; kollegiet står for undervisinga, medan universitetet deler ut gradene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Trinity College i Dublin