Trio av Dolly Parton, Linda Ronstadt og Emmylou Harris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trio
Studioalbum av Dolly Parton, Emmylou Harris og Linda Ronstadt
Språk engelsk
Utgjeve 2. mars 1987
Innspelt Januar til november 1986
Studio
Sjanger Country
Lengd 38:24
Selskap Warner Bros. Nashville
Produsent George Massenburg
Dolly Parton-kronologi 
Think About Love
(1986)
Trio The Best There Is
(1987)
Emmylou Harris-kronologi
Thirteen
(1986)
Trio Angel Band
(1987)
Linda Ronstadt-kronologi
For Sentimental Reasons
(1986)
Trio Canciones de Mi Padre
Singlar frå Trio
  1. «To Know Him Is to Love Him»
    Utgjeve: 26. januar 1987
  2. «Telling Me Lies»
    Utgjeve: 11. mai 1987
  3. «Those Memories of You»
    Utgjeve: 31. august 1987
  4. «Wildflowers»
    Utgjeve: 14. mars 1988

Trio er det første samarbeidsalbumet til Dolly Parton, Emmylou Harris og Linda Ronstadt. Det kom ut 2. mars 1987 på Warner Bros. Records.[1] Albumet har selt over fire millionar eksemplar verda over.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Parton, Harris og Rondstadt hadde vore vener og fans av kvarandre i mange år og hadde alt i 1970-åra prøvd å spele inn eit album i lag. Men sidan dei var opptekne på kvar sin kant, og kvar for seg hadde kontraktar med forskjellige plateselskap, vart det ikkje noko av den gongen.[2]

Enkelte innspelingar dei gjorde i 1970-åra kom ut på dei respektive soloalbuma til kvinnene.[2] «Mr. Sandman» og «Evangeline» kom ut på Harris-albumet Evangeline og Parton sin «My Blue Tears» kom ut på Ronstadt-albumet Get Closer i 1982. Rodney Crowell sin «Even Cowgirls Get the Blues» kom ut på Harris sitt Blue Kentucky Girl. «Palms of Victory», eit anna spor frå innspelingane i 1970-åra, kom ut på plateboksen til Harris, Songbird: Rare Tracks and Forgotten Gems i 2007.

Parton og Ronstadt spelte òg inn ein versjon av den tradisjonelle balladen «I Never Will Marry», som kom ut i 1977 på Ronstadt sitt Simple Dreams, sjølv om denne vart spelt inn ved eit anna høve enn det første Trio-forsøket. Det same vart Ronstadt sin versjon av Hank Williams sin «I Can't Help It (If I'm Still in Love with You)» frå Heart Like a Wheel, der ho hadde med seg Harris. På denne tida spelte Ronstadt og Harris òg fleire av songane til Parton. Harris spelte «Coat of Many Colors» og «To Daddy», og Ronstadt spelte inn «I Will Always Love You». Parton på si side spelte Harris sin «Boulder to Birmingham» i 1976 på albumet hennar All I Can Do.

Til slutt fekk dei i stand eit samarbeid. Innspelinga vart produsert av George Massenburg. Då Trio kom ut i mars 1987, inneheldt det fire hitsinglar, inkludert ein versjon av Phil Spector-hitten med The Teddy Bears, «To Know Him Is to Love Him», frå 1958.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[3]
Robert ChristgauB+[4]

Billboard skreiv ei melding 14. mars 1987: «Om dei 'nye tradisjonalistane' i country framleis har ei kjelde å hente songar frå, så er det i stor fordi desse songfuglane har halde det i live gjennom 1970-åra. Men dei tre i trioen kviler ikkje på rykta sine her. Kvar song på albumet er slåande vakre.»[5]

Albumet gjekk til topps på den amerikanske Billboard Top Country Albums-lista og låg der fem veker på rad. Albumet nådde òg sjetteplassen på Billboard 200-lista. I Canada nådde albumet fjerdeplassen på RPM Top Albums-lista. Albumet fekk òg suksess i Sverige der det nådde 29. plassen på Sverigetopplistan og i Storbritannia der det nådde 60. plassen på albumlista.

Den første singelen frå albumet, «To Know Him Is to Love Him», kom ut i januar 1987[6][7] og gjekk til topps på Billboard Hot Country Singles-lista. Singelen gjekk òg til topps på RPM Country Singles-lista i Canada. Den andre singelen, «Telling Me Lies», kom ut i mai 1987[8][9] og nådde tredjeplassen på Billboard Hot Country Singles-lista, 35. plassen på Billboard Hot Adult Contemporary-lista og sjetteplassen i Canada på RPM Country Singles-lista. «Those Memories of You» var den tredje singelen frå albumet, gjeven ut i august 1987[10][11] og han nådde femteplassen på Billboard Hot Country Singles-lista og gjekk til topps på countrylista i Canada. Den fjerde og siste singelen frå albumet, «Wildflowers», kom ut i mars 1988[12][13] og nådde sjetteplassen på Billboard Hot Country Singles-lista og åttandeplassen i Canada på RPM Country Singles-lista.

Albumet vann Grammyprisen for beste countrysong av duo eller gruppe.[14] Det vart òg nominert til Årets album[15] i lag med Michael Jackson, U2, Prince og Whitney Houston. «Telling Me Lies» vart òg nominret for beste countrysong.[16] Albumet vann prisen for årets album i 1987 av Academy of Country Music Award[17] og Årets vokalhending ved Country Music Association Awards i 1988.[18]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«The Pain of Loving You»2:32
2.«Making Plans»
3:36
3.«To Know Him Is to Love Him»Phil Spector3:48
4.«Hobo's Meditation»Jimmie Rodgers3:17
5.«Wildflowers»Parton3:33
6.«Telling Me Lies»4:26
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«My Dear Companion»Traditional2:55
8.«Those Memories of You»Alan O'Bryant3:58
9.«I've Had Enough»Kate McGarrigle3:30
10.«Rosewood Casket»
  • Trad. arr. Avie Lee Parton
2:59
11.«Farther Along»4:10
Total lengd:38:24

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå notat i plateomslaget.[1]


Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album

Liste (1987) Plassering
Australia (Kent Music Report)[19] 4
Canadian Top Albums (RPM)[20] 4
Swedish Albums (Sverigetopplistan)[21] 29
UK Albums (OCC)[22] 60
US Top Country Albums (Billboard)[23] 1
US Billboard 200[24] 6

Singlar

Tittel År Plassering
US
Country

[25]
US
AC

[26]
CAN
Country

[27]
«To Know Him Is to Love Him» 1987 1 1
«Telling Me Lies» 3 35 6
«Those Memories of You» 5 1
«Wildflowers» 1988 6 8

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[28] Platina 1 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Dolly Parton, Linda Ronstadt & Emmylou Harris - Trio». Discogs (på engelsk). Henta 19. november 2020. 
  2. 2,0 2,1 «Cashbox - 28. mars 1987» (PDF). American Radio History. Cashbox. s. 7, 24. Henta 19. november 2020. 
  3. Deming, Mark. Trio av Dolly Parton, Linda Ronstadt og Emmylou HarrisAllmusic
  4. «Robert Christgau: CG: Dolly Parton, Linda Ronstadt, Emmylou Harris». robertchristgau.com. Henta 19. november 2020. 
  5. «Billboard - 14. mars 1972» (PDF). American Radio History. Billboard. s. 72. Henta 19. november 2020. 
  6. «Billboard - 7. februar 1987» (PDF). American Radio History. Billboard. s. 71. Henta 19. november 2020. 
  7. «Dolly Parton, Linda Ronstadt, Emmylou Harris - To Know Him Is To Love Him». Henta 19. november 2020. 
  8. «Billboard - 23. mai 1987» (PDF). American Radio History. Billboard. s. 157. Henta 19. november 2020. 
  9. «Dolly Parton, Linda Ronstadt, Emmylou Harris - Telling Me Lies». Henta 19. november 2020. 
  10. «Billboard - 12. september 1987» (PDF). American Radio History. Billboard. s. 81. Henta 19. november 2020. 
  11. «Dolly Parton, Linda Ronstadt, Emmylou Harris - Those Memories Of You». Henta 19. november 2020. 
  12. «Billboard - 26. mars 1988» (PDF). American Radio History. Billboard. s. 191. Henta 19. november 2020. 
  13. «Dolly Parton, Linda Ronstadt, Emmylou Harris - Wildflowers». Henta 19. november 2020. 
  14. «30th Annual GRAMMY Awards». GRAMMY.com (på engelsk). 28. november 2017. Henta 19. november 2020. 
  15. «Dolly Parton». GRAMMY.com (på engelsk). 15. februar 2019. Henta 19. november 2020. 
  16. «Linda Thompson». GRAMMY.com (på engelsk). 15. februar 2019. Henta 19. november 2020. 
  17. LTD, BubbleUp. «winners». Academy of Country Music (på engelsk). 
  18. «Past Winners And Nominees». CMA Awards. Henta 19. november 2020. 
  19. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 230. ISBN 0-646-11917-6. 
  20. Canada, Library and Archives (17. juli 2013). «Results: RPM Weekly». www.bac-lac.gc.ca. Henta 19. november 2020. 
  21. «swedishcharts.com - Swedish Charts Portal». swedishcharts.com. Henta 19. november 2020. 
  22. «DOLLY PARTON, LINDA RONSTADT & EMMYLOU HARRIS full Official Chart History Official Charts Company». Official Charts. Official Charts Company. Henta 19. november 2020. 
  23. «Dolly Parton Chart History - Top Country Albums». Billboard. Henta 8. juli 2018. 
  24. «Dolly Parton Chart History - Billboard 200». Billboard. Henta 22. oktober 2018. 
  25. «Dolly Parton Chart History - Hot Country Songs». Billboard. Henta 8. juli 2018. 
  26. «Dolly Parton Chart History - Hot Adult Contemporary». Billboard. Henta 8. juli 2018. 
  27. Canada, Library and Archives (17. juli 2013). «Results: RPM Weekly». www.bac-lac.gc.ca. Henta 20. april 2019. 
  28. «American album salstrofé – D. PARTON, L. RONSTADT, E. HARRIS – TRIO». Recording Industry Association of America. Henta 19. november 2020.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH