Trippelpunkt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Trippelpunktet til eit stoff er temperaturen og trykket der dei tre aggregattilstandane (fast stoff, gass og væske) til stoffet kan eksistere samstundes i termodynamisk likevekt.

Til dømes er trippelpunktet til kvikksølv ved −38,8344 °C, ved eit trykk på 0,2 MPa.

Trippelpunktet til vatn vert nytta til å definere kelvin, SI-eininga til termodynamisk temperatur. Talet som er gjeve for temperaturen til trippelpunktet er ein eksakt definisjon og ikkje ein målt storleik.

Trippelpunktet til vatn[endre | endre wikiteksten]

Eit typisk fasediagram. Den grøne stipla linja viser den avvikande åtferda til vatn

Den enkle kombinasjon av trykk og temperatur der reint vatn, rein is og rein vassdamp kan eksistere samstundes i stabil likevekt skjer ved nøyaktig 273,16 K (0,01 °C) og eit trykk på 611,73 pascal (ca. 6,1173 hPa, 0,0060373057 atm). Ved dette punktet er det mogeleg å endre heile stoffet til anten is, vatn eller vassdamp ved å gjere små endringar i trykk eller temperatur. Strengt tatt bør òg flata som skil dei forskjellige fasane vere fullstendig flate for å unngå overflatespenningar.

Vatn har eit uvanleg og komplisert fasediagram, men dette påverkar ikkje omtalen om trippelpunktet. Ved høge temperaturar fører auka trykk til at ein først får væske og så is (over om lag  Pa får ein ei krystallinsk form for is som er tettare enn vatn.) Ved lågare temperaturar under kompresjon forsvinn væskefasen og vatn går direkte frå gass til fast stoff.

Ved konstant trykk over trippelpunktet fører oppvarming at is går frå fast stoff til væske og så til gass, eller vassdamp. Ved trykk under trippelpunktet, slik som i verdsrommet der trykket er nær null, kan ikkje flytande vatn eksistere. I ein prosess kalla sublimasjon går is direkte over til damp når han vert oppvarma.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]