Trisha Yearwood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Trisha Yearwood
Trisha Yearwood USO 2010.jpg
Trisha Yearwood på scenen i Washington, D.C. (oktober 2010).
Fødd19. september 1964 (56 år)
FødestadMonticello i Georgia i USA
FødenamnPatricia Lynn Yearwood
OpphavUSA
AktivSidan 1985
Sjanger
Instrument
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka som
  • Songar
  • skodespelar
  • fjernsynskjendis
  • forfattar
  • kjendiskokk
Gift medGarth Brooks

Patricia Lynn Yearwood (fødd 19. september 1964)[2] er ein USA-amerikansk countryartist, skodespelar, forfattar, TV-kjendis og kjendiskokk. Ho vart kjend i 1991 med debutsingelen «She's in Love with the Boy», som gjekk til topps på Billboard Hot Country Songs-lista i USA. Det sjølvoppkalla debutalbumet seld eover to millionar eksemplar, og Yearwood fortsette med ei rekkje store countryhittar tidleg og midt på 1990-talet, som «Walkaway Joe» (1992), «The Song Remembers When» (1993), «XXX's and OOO's (An American Girl)» (1994), «Believe Me Baby (I Lied)» (1996) og «How Do I Live» (1997).

Singelen «How Do I Live» i 1997 nådde andreplassen på countrylista og vart òg ein internasjonal hit. Denne kom ut på den første samleplata hennar, (Songbook) A Collection of Hits (1997). Albumet selde til 4x platinaplate i USA med hittane «In Another's Eyes» og «Perfect Love». Yearwood fortsette rekkja med hittar dei neste åra, som «There Goes My Baby» og «I Would've Loved You Anyway». Ho gav ut det tiande studioalbumet, Jasper County i 2005, som gjekk rett inn på toppen av Billboard Top Country Albums-lista og nådde topp 10 på Billboard 200. Det vart det raskast seljande albumet hennar i USA. Yearwood signerte for Big Machine Records 2007 og gav ut det kritikarroste Heaven, Heartache and the Power of Love det same året.

Yearwood tok fleire års pause frå musikarkarrièren for å fokusere på andre ting. Ho publiserte tre suksessrike kokebøker, som gjekk inn på bestseljarlista til New York Times. I 2012 byrja ho ein matserie på Food Network kalla Trisha's Southern Kitchen, som seinare vann ein Daytime Emmy Award. Yearwood har selt over 15 millionar plater verda over.[3] Arbeidet hennar har gjeve ho fleire prisar og nominasjonar, inkludert tre Grammyprisar, tre prisar frå Academy of Country Music og tre prisar frå Country Music Association. Yearwood har òg vore fast medlem av Grand Ole Opry sidan 1999.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Tittel År Rolle Merknad
The Thing Called Love 1993 Seg sjølv Cameo
Dr. Quinn, Medicine Woman 1994 Kordirigent Episode: «A First Christmas»
Ellen 1996 Seg sjølv Episode: «Not So Great Expectations»
JAG 1997–2002 Lt. Cmdr. Teresa Coulter 6 episodar
Trisha's Southern Kitchen Sidan 2012 Programleiar Daytime Emmy Award for Outstanding Culinary Program (2013)[4]
Who Do You Think You Are? 2013 Seg sjølv
Kelly Clarkson's Cautionary Christmas Music Tale Musikalsk gjest
Nashville 2014 Seg sjølv Cameo
The Passion 2016 Jomfru Maria
CMA Country Christmas 2019 Programleiar Spesialshow

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Georgia Cooking in an Oklahoma Kitchen (2008)
  • Home Cooking with Trisha Yearwood (2010)
  • Trisha's Table (2015)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dukes, Billy. «7 Things Only Trisha Yearwood Can Tell You About Her Country Music Hall of Fame Exhibit». Taste of Country. Henta 5. juli 2019. 
  2. «Trisha Yearwood Biography». The Biography Channel / A+E Networks. Arkivert frå originalen 5. januar 2014. Henta 21. november 2020. 
  3. Cindy Watts (19. august 2014). «Trisha Yearwood announces first album in 7 years». The Tennessean. 
  4. «Trisha's Southern Kitchen -- Awards». IMDb. Henta 21. november 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Trisha Yearwood