Triumfbogen i Paris
| Triumfbogen i Paris | |||
| | |||
| Stad | 8. arrondissement, 16. arrondissement, 17. arrondissement | ||
|---|---|---|---|
| Eigar | Ville de Paris | ||
| Arkitekt | Jean-François Chalgrin, Louis-Robert Goust, Jean-Nicolas Huyot, Guillaume Abel Blouet | ||
| Opna | 29. juli 1836 | ||
| Stil | nyklassisistisk arkitektur | ||
![]() Triumfbogen i Paris 48°52′26″N 2°17′42″E / 48.87378°N 2.29504°E | |||
Triumfbogen (eigentleg Arc de triomphe de l'Étoile) er eit monument i empirestil på Place Charles-de-Gaulle i Paris, ved den vestlege enden av paradegata Champs-Élysées. Plassen er sirkulær og heitte tidlegare «Place de l'Étoile» (Stjerneplassen), då dei store avenyane i Paris strålar ut frå plassen som ljosstrålane frå ei stjerne.
Historie
[endre | endre wikiteksten]
Bygginga av Triumfbogen tok til i 1806 etter ordre frå keisar Napoléon Bonaparte for å heidre keiseran sjølv og den franske hæren etter slaget ved Austerlitz, tysdag 2. desember 1805 (Austerlitz heiter no Slavkov u Brna og ligg i Tsjekkia). Arkitekt for monumentet var den franske Jean-François Chalgrin (1739-1811). Monumentet vart ikkje ferdig før under Ludvig Filip i 1836.
Høgda på byggverket er 50 meter, langsidene er 45 meter og tverrsidene er 22 meter. Den store bogen er 29,19 meter høg og 14,62 meter brei, medan den vesle bogen er 18,68 meter høg og 8,44 meter brei. Bogen har innvendig inngravert namna på franske generalar og stader der det har stått store og ærerike slag. Dekoren utvendig er dominert av relieffet Marseillaisen, av François Rude.
Grava til den ukjende soldaten
[endre | endre wikiteksten]
Under Triumfbogen ligg grava til den ukjente soldaten, ein soldat frå fyrste verdskrigen som vart jordfesta her i 1920 som representant for alle som fall for Frankrike i denne krigen, slik det går fram av inskripsjonen på grava. På grava brenn det alltid ein eld.
Dei utvalde leivingane blei høgtideleg tekne til Triumfbogen den 11. november 1920. Dei blei gravlagde ved ein seremoni 28. januar 1921. 11. november 1923 tende krigsminister André Maginot ein seremoniell flamme ved grava. Flammen er sidan blitt tend att kvar dag ved ein militær seremoni.
Dei viktigaste relieffa
[endre | endre wikiteksten]Høgrelieff
[endre | endre wikiteksten]- Dei friviljuges avreise i 1792, òg kalla Marseillaisen, av skulptøren François Rude
- Sigeren i 1810, av Jean-Pierre Cortot
- Motstandskampen i 1814, av Antoine Étex
- Freden i 1815, av Antoine Étex
Lågrelieff
[endre | endre wikiteksten]- Slaget ved Jemappes, 6. november 1792, av Carlo Marochetti
- Slaget ved Austerlitz, 2. desember 1805, av Théodore Gechter
- Slaget ved Abukir, 25. juli 1799, av Bernard Seurre
- General Marceaubegravinga, 21. september 1796, av Henri Lemaire
- Slaget ved Alexandria, 3. juli 1798, av John-Étienne Chaponnière
- Slaget ved Arcole, 15. november 1796, av Jean-Jacques Feuchère
Bilde av Triumfbogen
[endre | endre wikiteksten]- Triumfbogen på Place Charles-de-Gaulle
- Triumfbogen om natta
- Slag og namn inngravert på Triumfbogen
- Triumfbogen under Sommar-OL 2024
