Hopp til innhald

Trnovo i Føderasjonen Bosnia-Hercegovina

Koordinatar: 43°41′13″N 18°20′27″E / 43.68694°N 18.34083°E / 43.68694; 18.34083
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trnovo
Andre namn Трново
Elva Željeznica nær Trnovo
Elva Željeznica nær Trnovo
Elva Željeznica nær Trnovo
Styresmakter
Land
Kanton
Bosnia-Hercegovina
Sarajevo
Geografi
Flatevidd 3 384 km²
Innbyggjarar
 - Kommune (2013)
 - Byområde

1 502[1]
67[1]
Koordinatar 43°41′13″N 18°20′27″E / 43.68694°N 18.34083°E / 43.68694; 18.34083
Tidssone UTC+01:00 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: http://www.trnovo.ba
Plassering
Trnovo i Føderasjonen Bosnia-Hercegovina is located in Bosnia-Hercegovina
Plasseringa av tettstaden Dejčići
Kommunen Trnovo i kantonen Sarajevo innanfor Føderasjonen Bosnia-Hercegovina

Trnovo (bosnisk kyrillisk Трново) er ein tettstad og ein kommune i kantonen Sarajevo innanfor Føderasjonen Bosnia-Hercegovina, den eine av dei to føderative einingane («entitetane») som staten Bosnia-Hercegovina er delt inn i på grunnlag av Daytonavtalen.[2] Trnovo inngår i storbyområdet til Sarajevo.

Etter Daytonavtalen er den opphavlege kommunen Trnovo delt, slik at det meste av tettstaden og ein del av den tidlegare kommunen ligg som ein kommune med same namn i Den bosniske serbarrepublikken, medan resten dannar ein kommune i Føderasjonen Bosnia-Hercegovina med landsbyen Dejčići som hovudsete.

Dei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:[1]

Folketal 1991 Folketal 2013
Dejčići 217 160
Dujmovići 163 116
Gračanica 129 87
Pendičići 135 76
Trebečaj 167 76
Tušila 180 69
Trnovo 114 67
Kommunen Trnovo 3 090 1 502

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 1,2 «Konačni rezultati - Popis 2013». Agencija za statistiku Bosne i Hercegovine. 2013. Henta 25. desember 2024. 
  2. «The General Framework Agreement for Peace in Bosnia and Herzegovina» (PDF). OSSE. 14. desember 1995. Henta 23. november 2024.