Barsmett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Troglodytes pacificus)
Barsmett
Foto: Nigel Winnu
Foto: Nigel Winnu

Læte
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Familie: Gjerdesmettfamilien Troglodytidae
Slekt: Troglodytes
Art: Barsmett T. pacificus
Vitskapleg namn
Troglodytes pacificus

Barsmett (Troglodytes pacificus), er ein fugl i gjerdesmettfamilien som lever i nordvestlege delar av Nord-Amerika.

Fram til ca. år 2011 var dette taksonet rekna som same arten som gjerdesmett (Troglodytes troglodytes) i Eurasia og Nord-Amerika.[1] Utsjånaden til Troglodytes pacificus skil seg lite frå gjerdesmett i Noreg, dei har same storleik og kroppsform, men Troglodytes pacificus er skildra med svakt mørkare fjørdrakt, særleg på undersida.[2] Fuglen er 9 til 10,5 cm i kroppslengd og veg ca. 6-10 gram. Utbreiingsområdet for hekking er langs stillehavskysten frå vestlege Aleutane og langs sørkysten av Alaska i nord og søraustover til California. Ein underart lever i innlandet i British Columbia og sørvestre Alberta sørover til nordvestre Oregon og vestlege Montana.[3] Barsmett er dels ein flyttfugl, og vintertid kan dei treffast søraustover til Arizona.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. The Clements Checklist of Birds of the World Updates & Corrections - February 2011 (Om side 393)
  2. «Troglodytes - Species figures». Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta 23. april 2017. 
  3. del Hoyo, J. & Collar, N. (2017) Pacific Wren (Troglodytes pacificus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 23. april 2017

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Barsmett