Troké

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Troké (gjennom latin frå gresk, 'springande') er i moderne dikting ein versefot samansett av ei tung og ei lett staving, som i ord som «dikte», «lenge», «rose» eller, ironisk nok, «jambe», ein motsett versefot. I klassisk dikting var ein troké ein versefot samansett av ei lang og ei stutt staving.

Troké er mykje brukt i latin, der trykket nesten aldri fell på siste staving. Dette finn ein mellom anna døme på i Dies irae-delen av rekviem-messa:

Dies irae, dies illa
Solvet saeclum in favilla
Teste David cum Sybilla.

Mykje eldre finsk litteratur, som nasjonaleposet Kalevala, er skrive i trokéisk tetrameter (fire trokéar på kvar linje: DAM-da DAM-da DAM-da DAM-da):

vaka vanha Väinämöinen
itse loihe laatijaksi,
tekijäksi teentelihe.

Lengre dikt som brukar mykje troké (av typen med tung og lett staving) kan lett oppfattast som monotone eller strenge i uttrykksmåten, men i kortare dikt kan versefoten vera effektiv.

Gjennomført bruk av troké er mindre vanleg i engelsk enn i latin, men han er brukt i fleire kortare vers, som i heksediktet i Macbeth av Shakespeare:

Double, double, toil and trouble;
Fire burn and cauldron bubble.

Versefoten er også vanleg i barnerim:

Jack and Jill went up the hill
To fetch a pail of water.
Jack fell down and broke his crown,
And Jill came tumbling after.

Også på norsk kan troké nyttast i kortare dikt og songar, som i «Noen barn er brune» av Jo Tenfjord:

Noen barn er brune
som et nystekt brø

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • trochee i Encyclopædia Britannica. Henta 16. september 2013.
  • troké (2009, 15. februar) i Store norske leksikon. Henta 16. september 2013.
  • Per Einar Jensen, Verseføtter, Versekunst