Troldhaugvegen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Troldhaugvegen nær Troldhaugen
Troldhaugvegen. Gamle Hop stasjon ligg til høgre for vegen på biletet
Troldhaugen, heimen til Edvard Grieg, har gjeve namn til Troldhaugvegen

Troldhaugvegen er ein veg på Hop i Fana bydel i Bergen kommune. Han går sørvestover frå Nesttunvegen ved Hopsbrua til Troldhaugen og er om lag 1,5 km lang. Den første delen av vegen er ein del av riksveg 582, medan siste del er kommunal veg. Ved omlegging av vegnettet i dette strøket vart vegen i 1979 forlenga frå tidlegare Hop jernbanestasjon til Nesttunvegen.

Hop stasjon var ein stasjon på Bergensbanen før Ulrikstunnelen vart bygd. Banen følgde nokre hundre meter av det som i dag er Troldhaugvegen.

Namnet vart vedteke i 1947 og er kalla opp etter Troldhaugen, heimen til Edvard Grieg.

Knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]