Trollfjorddalen/Gulgo naturreservat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart
Trollfjorddalen/Gulgo naturreservat

Trollfjorddalen/Gulgo naturreservat er eit naturreservat i Berlevåg kommune i Finnmark. Naturreservatet vart oppretta i 2007 for å verna eit tilnærma urørt lauvskogområde.[1] Det femner eit areal på 11,36 km².

Med sin storvaksne bjørkeskog skil Trollfjorddalen (eller Gulgofjorddalen) seg markant ut frå det skrinne landskapet på Varangerhalvøya. Utanom bjørk finst òg rogn og vier. Den rike vegetasjonen gjev grunnlag for ei rekkje spurvefuglar.[1]

Busetnad[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var det ein permanent busetnad i dalen, medan området nå for det meste utgjer eit friluftsområde med ymse innslag av hytter. Det er ingen bilvegar inn til dalen, men han er tilgjengeleg med båt og snøskuter.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Trollfjorddalen/Gulgo naturreservat i Miljødirektoratets nettstad Naturbase