Trollfjordslaget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Trollfjordslaget på eit måleri av Gunnar Berg.

Trollfjordslaget var ei hending under Lofotfisket den 6. mars 1890, der robåtfiskarane gjekk til aksjon mot dampbåtane som forsøkte å stenge dei ute frå torskefisket i delar av Trollfjorden. Dette var på mange måtar ein kulminasjon av dei konfliktene som allereie hadde gått føre seg mellom større, dampdrivne notbåtar og det tradisjonelle fiskeriet frå mindre opne båtar.

Reiaren og handelsmannen Ole J. Kaarbø hadde organisert fiske med not frå dampbåtar, og stengde dermed ute fiskarar med konvensjonelle reiskapar frå den inste delen av fjorden, der det var svært mykje torsk. Fiskarane meinte utestenginga var i strid med allemannsretten, og etter eit handgemeng fekk fiskarane brote opp sperringane.

Utløysande årsak[endre | endre wikiteksten]

Kvelden i førevegen, 5. mars, hadde representantar for småbåtfiskarane bede dampbåtane hjelpe til med å bryte opp isen som låg i Trollfjorden, slik at fiskarane kunne kome til dagen etter. Dampbåtane gjorde dette, men i staden for å opne opp for fiskarane, stengde dei den inste delen av fjorden med not. Dei forlangde så betaling frå fiskarane for at dei skulle sleppe dei inn. Dette ville ikkje fiskarane akseptere, og det kom etter kvart til handgemeng mellom småbåtfiskarane og dampbåtmannskapa. Blant anna blei fiskarane spylt med skoldheitt vatn frå dampkjelane ombord i dampbåtane.

Etterverknader[endre | endre wikiteksten]

Slaget i Trollfjorden blei i ettertid vidt kjent og engasjerte store delar av folket langs kysten. Også Stortinget tok etter kvart affære og framskunda arbeidet med ei ny Lofotlov. I mars 1891 vedtok Stortinget endringar i Lofotloven, der det mellom anna vart forbod mot bruk av not under lofotfisket.

Johan Bojer har skildra slaget i romanen Den siste viking.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]