Trollheimshytta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°49′44.0″N 9°14′23.6″E

Trollheimshytta

Trollheimshytta er ei turisthytte i Surnadal kommune i Møre og Romsdal. Hytta ligg 540 m.o.h., aust for Snota. Hytta har 80 senger tilgjengelege i sommarsesongen og rundt påsketider. Utanom sesongen er hytta sjølvbetent, og har 26 senger tilgjengelege.

Trollheimshytta er eit populært utgangspunkt for Toppturar til Snota, Trollhøtta og andre nærliggjande toppar. Hytta høyrer til Trondhjems Turistforening (TT) og var den første hytta til denne skipinga som låg i fjellet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]