Trollhummarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Trollhummar)
Trollhummarar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Krepsdyr Crustacea
Klasse: Storkreps Malacostraca
Orden: Tifotkreps Decapoda
Infraorden: Anomurar Anomura
Overfamilie: Galatheoidea
Familie: Trollhummarar Galatheidae
Samouelle, 1819
Krinakrabbe ( Galathea strigosa) er vanleg langs norskekysten nord til Troms.

Trollhummarar (Galatheidae) er ein familie krepsdyr med særs lange klør. Trass i namnet er dei ikkje i særleg nær slekt med hummarfamilien; dei høyrer til anomurene og er såleis nærskylde eremittkrepsar og trollkrabbar. I norske farvatn finst fleire artar, mellom anna 5 i slekta Galathea.

Lauriea siagiani

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Trollhummarar har vanlegvis relativt flate kroppar med brei og fura hale. Ryggskjoldet er som regel ovalt, med eit framtredande og spisst pannehorn. Dei har stor halevifte som vanlegvis er bøygd opp under cephalothorax og stundom vert nytta til symjing. Det første paret gangbein er sterkt forlenga (ofte lenger enn sjølve kroppen) og er utstyrt med eit par lange klør. Som regel er det femte paret gangbein gøymd under ryggskjoldet i gjellekammeret, noko som gjer at trollhummarar kan sjå ut som dei berre har åtte gangbein.

Dei største trollhummar-artane kan bli ca 15 cm lange, men dei fleste av dei er mindre.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Trollhummarar finst både på ganske grunt vatn og ned til over 600 m djupn. Dei finst under mange slags botntilhøve, ein del av artane er kaldtvasskorallrevartar. Ein trudde lenge at trollhummarane fanga byttet sitt frå bakhald i holer med dei lange klørne sine, men nyare observasjonar har vist at dei kan bruka dei til å fanga fisk som sym forbi reva dei står på.

Mat[endre | endre wikiteksten]

Det vert ikkje drive aktiv fangst av trollhummarar, men krinakrabben (Galathea strigosa) vert ofte teken som bifangst i krabbe- og hummarteiner. Smaken skal vera god.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Frank Emil Moen & Erling Svendsen: Dyreliv i havet - nordeuropeisk marin fauna
  • Tysk og engelsk wikipedia

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]