Trolltindan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Trollryggen)
Hopp til navigering Hopp til søk
Trolltindan, ved Åndalsnes, mellom Romsdalen i aust og Isterdalen i vest.

Trolltindan (òg kalla Trolltindene og Trolltindane) i Rauma kommune i Møre og Romsdal fylke er eit fjellmassiv som består av ei rekkje spisse og bratte tindar mellom Romsdalen i aust og sidedalen Isterdalen i vest.

Mot Romsdalen er fjellmassivet dominert av store vegger og pilarar, der nordveggen på Trollryggen (1740 moh.), Trollveggen er den mest kjende. Den tusen meter høge og loddrette fjellveggen er eit kjent mål for klatrarar og BASE-hopparar frå heile verda. Men BASE-hopping frå Trollveggen er særs farleg på grunn av naturtilhøva, og vart forbode ved ein særskild lov etter fleire ulukker og vågelege bergingsaksjonar.

Den høgaste toppen i Trolltindan er Breitind (1797 moh.), sør i massivet. Store Trolltind (1788 moh.) ligg lengre nord, og nord for Trollryggen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]