Tromøysundet

Koordinatar: 58°28′04″N 8°48′45″E / 58.4679°N 8.8126°E / 58.4679; 8.8126
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

58°28′04″N 8°48′45″E / 58.4679°N 8.8126°E / 58.4679; 8.8126

Tromøysundet og Tromøybrua sett mot aust.
Foto: Anita A. Mechlenborg

Tromøysundet er eit sund som skil Tromøya i Arendal kommune frå fastlandet innanfor. Tromøysundet går i retning aust-søraust og vestover.

Sundet er om lag 12 km langt, og breidda varierer frå 200 m til om lag 500 m.

Tromøysundet er innseglingsleia til Arendal hamn frå aust, og ganske store skip kan gå gjennom sundet. Fartøy på veg vestover kan, om dei ønskjer smult farvatn, halde innaskjers ved å segle vestover Tromøysundet og helde fram sørover gjennom Galtesund.

Den gamle uthamna Narestø med verneverdig busetnad ligg like innanfor det austre utløpet til Tromøysundet. Litt lenger vest ligg industristaden Eydehavn med ei bedrift som tidlegare heitte Arendal Smelteverk. Ved Eydehavn låg i eldre tid lastehamna Neskilen. Her var det utskiping av trelast og malm frå jerngruvene like ved. På Tromøya ligg tettstaden Kongshavn. Tromøybrua går frå Tromøya til fastlandet, og kryssar Tromøysundet.

Tromøysundet var òg eit kjent kystruteskip som krigsforliste i Nordsjøen under den andre verdskrigen. Skipet var eigd av Arendals Dampskipsselskap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]