Trommeslagaren Dave Holland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dave Holland
Fødd5. april 1948 (75 år)
FødestadNorthampton, England
Død16. januar 2018
DødsstadLugo
OpphavStorbritannia
Aktiv1965–2004 2015-
SjangerPop, heavy metal, hardrock, funk
InstrumentTrommer, perkusjon, piano, vokal
Tilknytte artistarThe Liberators, Pinkerton's Assorted Colours, Finders Keepers, Trapeze, Glenn Hughes, Justin Hayward, Judas Priest, The Screaming Jets, Al Atkins, Tony Iommi
Verka somMusikar

David «Dave» Holland (5. april 194816. januar 2018) var ein engelsk rocketrommeslagar som er best hugsa for perioden med Trapeze frå 1969 til 1979 og Judas Priest frå 1979 til 1989.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Holland byrja i Finders Keepers i august 1968. Dette utvikla seg etter kvart til Trapeze. I 1979 og 1980 spelte Holland trommer for soloalbuma til Justin Hayward, Songwriter og Night Flight.

Holland slutta i Trapeze og byrja i Judas Priest i august 1979. Han spelte trommer på mange av dei bestseljande albuma til bandet, som British Steel, Screaming for Vengeance, Defenders of the Faith og Turbo. I 1989 førte personlege problem og musikalske skilnader til at Holland slutta i Judas Priest. Han vart erstatta av den opphavlege Saints Or Sinners-trommeslagaren Scott Travis.

Gjennom 1990-åra spelte han ei kort stund med eit gjensameint Trapeze og i lag med forskjellige band som The Screaming Jets.

I 2004 vart Holland dømd for valdtektsforsøk og fleire usømmelege overfall mot ein 17 år gammal gut med lærevanskar som han hadde gjeve trommetimar til.[1] Under rettssaka avslørte Holland at han var biseksuell.[2] Han vart dømd til åtte år i fengsel. På grunn av dette valde Black Sabbath-gitaristen Tony Iommi å erstatte trommene til Holland på The 1996 DEP Sessions fordi han ikkje ønskte ein dømd sexforbrytar på albumet.[3] Holland har heile tida halde fast på at han var uskuldig.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med The Liberators[endre | endre wikiteksten]

  • Ein singel, gjeve ut i 1965

Med Finders Keepers[endre | endre wikiteksten]

  • «Sadie, The Cleaning Lady» (singel)

Med Trapeze[endre | endre wikiteksten]

Med Glenn Hughes[endre | endre wikiteksten]

Med Justin Hayward[endre | endre wikiteksten]

Med Judas Priest[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]