Troms fylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Troms)
Troms fylke
Romssa fylka
fylke
Fylkesvåpen
Land  Noreg
Adm.senter Tromsø
Areal 25 870 km²
 - land 24 950 km²
 - vatn 920 km²
Målform nøytral
Statsforvaltar Bård M. Pedersen
Fylkesordførar Knut W. Hansen (Ap)
 - Fylkesrådsleiar Cecilie Myrseth (Ap)
Fylkesnummer 19
Kart
Troms fylke
69°9′23″ N 19°24′7″ E
Wikimedia Commons: Troms
Nettstad: www.tromsfylke.no

Troms (nordsamisk Romsa[1], kvensk Tromssa[2]) er eit tidlegare fylke i Noreg. Det grensa til Finnmark fylke i nord, til Nordland fylke i sør og til Lapplands län i Finland og Norrbottens län i Sverige i aust. 1. januar 2020 blei det del av nye Troms og Finnmark fylke.

Fylket hadde kystline mot Norskehavet, og landskapet er prega av både hav og fjell. Det omfatta talrike øyar, som Senja, Kvaløya og Ringvassøy, og fjordar, med Lyngenfjorden som den lengst. I kystområdet har fiske alltid vore den viktigaste næringsvegen. I det fjellrike innlandet, derimot, har ein hovudsakleg livberga seg gjennom dyrehald.

Det norske forsvaret var ein viktig arbeidsgjevar i Troms. Den sjette divisjonen, fleire fly- og helikopterbasar og radarstasjonar ligg her.

Politisk styring[endre | endre wikiteksten]

Troms fylkeskommune hadde eit parlamentarisk styresett i motsetnad til formannskapsmodellen som er det vanlege i kommunar og fylkeskommunar. I denne modellen vel fylkestinget eit fylkesråd som er det utøvande organet. Tilhøvet mellom fylkesrådet og fylkestinget er då prinsipielt det same som mellom regjeringa og Stortinget. Fylkesrådet er avhengig av å ha tillit i fylkestinget for å kunne styre. Fylkesrådet i Troms var etter valet i 2015 sett saman av fem personar utgått frå Arbeidarpartiet (Ap), Senterpartiet (Sp), Venstre (V) og Kristeleg folkeparti (Krf).

Partifordeling ved val:

Parti: Representantar 2011: Representantar 2015:
Arbeidarpartiet 12 12
Høgre 9 6
Framstegspartiet 6 5
Sosialistisk Venstreparti 2 2
Senterpartiet 3 4
Kristeleg Folkeparti 1 2
Venstre 2 2
Miljøpartiet Dei Grøne - 2
Kystpartiet 1 -
Raudt 1 2

Fylkesvåpen[endre | endre wikiteksten]

Fylkesvåpenet viser ein griff. Dette er eit fabeldyr som er halvt løve og halvt ørn. Som våpen symboliserer griffen motet til ørna og styrken til løva. Griffen var merket til Bjarkøyætta. Denne slekta var i seinmellomalderen ei av dei rikaste og mektigaste i Noreg. Baron Bjarne Erlingssøn som døydde i 1313 førte griffen som våpen. Godset hans omfatta sannsynlegvis store delar av det som i dag er Troms fylke.

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Nr. Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd km² Målform Distrikt
1902 Tromsø kommune Tromsø Tromsø 000000000002524.00000000002 524 nøytral Nord-Troms
1903 Harstad kommune Harstad Harstad 000000000000446.0000000000446 nøytral Sør-Troms
1911 Kvæfjord kommune Kvæfjord Borkenes 000000000000513.0000000000513 nøytral Sør-Troms
1913 Skånland kommune Skånland Evenskjer 000000000000495.0000000000495 bokmål Sør-Troms
1917 Ibestad kommune Ibestad Hamnvik 000000000000241.0000000000241 bokmål Sør-Troms
1919 Gratangen kommune Gratangen Årstein 000000000000313.0000000000313 nøytral Sør-Troms
1920 Lavangen kommune Lavangen Tennevoll 000000000000302.0000000000302 nøytral Sør-Troms
1922 Bardu kommune Bardu Setermoen 000000000002704.00000000002 704 nøytral Midt-Troms
1923 Salangen kommune Salangen Sjøvegan 000000000000458.0000000000458 nøytral Sør-Troms
1924 Målselv kommune Målselv Moen 000000000003322.00000000003 322 nøytral Midt-Troms
1925 Sørreisa kommune Sørreisa Sørreisa 000000000000363.0000000000363 nøytral Midt-Troms
1926 Dyrøy kommune Dyrøy Brøstadbotn 000000000000289.0000000000289 bokmål Midt-Troms
1927 Tranøy kommune Tranøy Vangsvik 000000000000524.0000000000524 nøytral Midt-Troms
1928 Torsken kommune Torsken Gryllefjord 000000000000243.0000000000243 bokmål Midt-Troms
1929 Berg kommune Berg Skaland 000000000000294.0000000000294 bokmål Midt-Troms
1931 Lenvik kommune Lenvik Finnsnes 000000000000893.0000000000893 nøytral Midt-Troms
1933 Balsfjord kommune Balsfjord Storsteinnes 000000000001496.00000000001 496 bokmål Nord-Troms
1936 Karlsøy kommune Karlsøy Hansnes 000000000001086.00000000001 086 nøytral Nord-Troms
1938 Lyngen kommune Lyngen Lyngseidet 000000000000813.0000000000813 nøytral Nord-Troms
1939 Storfjord kommune Storfjord Hatteng 000000000001543.00000000001 543 nøytral Nord-Troms
1940 Kåfjord kommune Kåfjord Olderdalen 000000000000991.0000000000991 bokmål Nord-Troms
1941 Skjervøy kommune Skjervøy Skjervøy 000000000000473.0000000000473 bokmål Nord-Troms
1942 Nordreisa kommune Nordreisa Storslett 000000000003437.00000000003 437 bokmål Nord-Troms
1943 Kvænangen kommune Kvænangen Burfjord 000000000002108.00000000002 108 nøytral Nord-Troms
Totalt Troms Troms Tromsø ' 000000000025870.000000000025 870 nøytral Troms

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Det er 37 representantar i fylkestinget.

Partifordeling etter valet i 2015:

Parti: Representantar:
Arbeidarpartiet 12
Høgre 6
Framstegspartiet 5
Senterpartiet 4
Sosialistisk Venstreparti 2
Raudt 2
Venstre 2
Miljøpartiet dei grøne 2
Kristeleg Folkeparti 2
Kystpartiet 0

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i Troms er prega av den kompliserte topografien, som gjev stor skilnad mellom kyststrøk og indre strøk.

Om sommaren bles bakkevinden som regel frå nord-nordaust ved kysten, medan det i fjordar og dalføre bles inn mot dei varmare indre strøka. Om vinteren bles det ofte kald utfallsvind og ved kysten er retninga som regel frå søraust til sørvest. Kuling og storm er ikkje så hyppig som på utsette kyststrekningar i Nordland og Finnmark.

Februar er den kaldaste månaden av året med ein middeltemperatur på kring –2 °C, medan middeltemperaturen i indre dalstrøk varierer frå –6 til –9 °C. Dei lågaste minimumstemperaturane som er målt er frå -10 til –15 °C ved kysten og frå –30 til –40 °C i dalstrøka. Middeltemperaturen for juli er 11–12 °C ved kysten og kring 14 °C i indre dalstrøk. Når det i midnattssoltida strøymer varm luft frå søraust, kan det bli opp mot 30 grader ved kysten og over dette i indre strøk.

På grunn av topografien varierer nedbøren sterkt i fylket. Årsnedbøren er omkring 750 mm i ytre kyststrøk og 1000-1500 mm i ein maksimalsone langs kystfjella. Over dei skjerma dalstrøka fell det berre 300-600 mm. Nær kysten kan det somme år komme særs mykje snø i samband med ustabil havluft frå nordvest. Ytre strøk har ein del tåke på sommaren, men det er elles sjeldan tåke i lågareliggande strøk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.