Tromsø Seminarium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tromsø Seminarium (etablert som Trondenes Seminarium i Trondenes) vart etablert ved kongeleg resolusjon av 2. juni 1824, som det første offentlege lærarseminaret i Noreg.

Det var plass til ni elevar ved seminaret, ein plass til kvart prosti. Frå Aust-Finnmark og Vest-Finnmark prosti kunne dei ta opp to kvar, av dei skulle halvparten komme frå den samisk befolkninga. Seminaret vart flytta til Tromsø i 1848 og skifta då namn. Kvinner fekk tilgang til utdanninga i 1890.

I 1902 skifta seminaret namn til Tromsø offentlige lærerskole, i 1980 Tromsø Lærerhøgskole, som frå 1994 vart slått inn under Høgskolen i Tromsø som avdeling for lærerutdanning.