Tromsø mållag
Tromsø mållag er eit lokallag av Noregs Mållag i Tromsø. Laget er med i Troms og Finnmark mållag.
Tromsø og omland mållag blei stifta i 22. mai 1954.[1] Etter kommunesamanslåingane endra laget namnet sitt til Tromsø mållag i 1964.[2]
Laget hadde 128 medlemmar i 2024.
Styret for 2025:
- Sigrun Høgetveit Berg ( leiar)
- Astrid Gramstad (skrivar)
- Mariann Løkse (økonomiansvarleg)
- Hella Veierud Busch
- Ann-Tove Eriksen
- Nils Aarsæther (1. vara)
Tidlegare mållag i Tromsø
[endre | endre wikiteksten]Det første mållaget vi høyrer om i Tromsø, er Mållaget Heimhug ved Tromsø Seminarium, som blei skipa 17. april 1898.[3]
16. juli 1899 blei Nordmannalaget skipa i Tromsø som eit fylkeslag for landsdelen, men laget sovna innetter kort tid.[4]
Trumsøy maallag (1899)
[endre | endre wikiteksten]13. desember 1899 blei det skipa eit Trumsøy maallag med skoledirektør Aas til formann, men dette høyrer vi ikkje meir til.[5] [6]
Troms mållag (1927-1936)
[endre | endre wikiteksten]Troms mållag blei skipa 22. november 1927 som eit lag for Tromsø og omegn. Forsøksleiar Karl Fjærvoll blei vald til formann, og med seg i styret fekk han borgarmeister Eidem, postfullmektig Halvard Strømme,[7] lektor Vilhjelm Riksheim[8] og overlærar Hans Elsås.[9] Laget hadde årsmøte i 1931,[10] 1932[11] og 1933,[12] og lagsmøte både i 1933[13] og 1936.[14]
I 1931 fekk Troms mållag domprosten til å kjøpe inn eit sett med nynorske alterbøker slik at dei som ønskte det kunne få kyrkjelege handlingar på nynorsk.[15] Formann i 1931 var Toralv Lunde.[16]
I 1933 hadde laget 18 medlemmar; og leiar var Hans Elsås,[17] overlærar ved Tromsø lærarskole.[18]
Andre mållag i Tromsø-området
[endre | endre wikiteksten]Mange målfolk var medlemmar i Bondeungdomslaget i Tromsø som blei skipa i 1914, og som gav stønad til mange norskdoms-tiltak.[19][20] Bondeungdomslaget i Tromsø var også medlem i Troms fylkesmållag frå rundt 1920.[2]
Det har også vore fleire lokale mållag i området rundt Tromsø:
- Mållaget «Trollvasstind», Svensby i Ullsfjord, skipa i 1917.[2][21] Laget gjekk etter kort tid til å bli ungdomslag.[22][23]
- Ungdoms- og mållaget «Solleia», Buvika på Kvaløya, skipa i 1919.[2] Lars Berg var aktiv medlem her. Laget var også innmeldt i Troms ungdomsfylking.[24] Laget var i drift til utpå 1930-talet.[25][26]
- Straumsbukta mållag skipa 16. mai 1931 og lagt ned før 1940.[27]
- Hillesøy mållag, skipa i 1936.[28]
Leiarar i Tromsø mållag (frå 1954)
[endre | endre wikiteksten]- Karl Fjærvoll 1954–1956[1]
- Erling Løkse 1957–1958[29]
- Ottar Prestbakmo 1959–1960
- Lars Berg 1961–1963[30][31][32][33][34]
- Karl Fjærvoll 1964[2]
- Vilhjelm Riksheim 1965–1966
- Erling Løkse 1967–1968[35]
- Dagny Sollie 1969
- Ottar Prestbakmo 1970–1971[36]
- Olav Aasegg 1972–1973[37][38][39]
- Bjørnar Østgård 1974–1975[40][41]
- Tove Bull 1976–1977[42]
- Svein Otto Presthus 1978
- Herolv Olsen 1979–1980[43][44][45]
- Bjørnar Østgård 1981–1982[46][47][48]
- Liv Ingebrigtsen 1983–1984[49][50]
- Erling Løkse 1985–1986[51]
- Reidun Mellem 1987–1988
- Eirik Liland 1989
- Aud-Kirsti Pedersen 1990–1991
- Wenche Øvergaard 1992–1993[52]
- Ola Melby 1994
- Bjørnar Østgård 1995–2001
- Vigdis Tverberg 2002–2003
- Styret (ingen leiar) 2004–2006
- Sigrun Høgetveit Berg 2007–2009
- Inger Johanne Sæterbakk 2010
- Øystein A. Vangsnes 2011–2012
- Styret (ingen leiar) 2013–2015
- Sæmund Stokstad 2016
- Olaug Husabø 2017–2020
- Styret (ingen leiar) 2021
- Gunnhild Skjold 2022–2023
- Henrik Elman 2024
- Sigrun Høgetveit Berg 2025-
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Årsmøte i Tromsø og omland mållag». Nordlys. 8. februar 1955. [Årsmøte 6.2.1955]
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «K. Fjærvoll ny mållagsformann». Nordlys. 1. februar 1964. [Årsmøte 28.1.1964]
- ↑ Mållaget Heimhug 1898-1923. Festskrift nb.no
- ↑ Den 17de Mai 25. juli 1899: "Nordmannalaget" nb.no
- ↑ Den 17de Mai 15. desember 1899: "Maallag i Trumsøy"
- ↑ Tromsø, tirsdag 19. desember 1899: "Et Maallag"
- ↑ Strømme var nevø til Anders Hovden frå Ørsta [1] og flytta til Bodø i 1929 [2]
- ↑ «Rektor Riksheim til minne», Tromsø (www.nb.no), henta 12. oktober 2023
- ↑ Ofotens Folkeblad, Narvik torsdag 8. desember 1927, etter avisa Tromsø
- ↑ Midnattsol, nr 7, torsdag 12. mars 1931
- ↑ Tromsø, onsdag 15. juni 1932
- ↑ Tromsø, tirsdag 23. mai 1933
- ↑ Tromsø, mandag 11. september 1933
- ↑ Tromsø, lørdag 25. april 1936
- ↑ Midnattsol 2. juli 1931
- ↑ Midnattsol 12. mars 1931
- ↑ Hans Elsås (f.17.9.1886, d.3.7.1967) var lærar ved Tromsø lærarskole 1920-1947 Tromsø, tirsdag 2. september 1947: "(...) lektor hans Elsås tar avskjed ved Tromsø lærarskule"
- ↑ "Årsmelding 1933 for Troms mållag" (Kjelde: NM-arkivet)
- ↑ "Bondeungdomslaget i Tromsø i 25 år. 1914-1939"
- ↑ "Bondeungdomslaget i Tromsø : 50 årsjubileumsskrift 1914-1964"
- ↑ Emil Larsen: Lyngen bygdebok. 1 : Lyngen prestegjelds historie. Tromsø 1976, side 365 [3]
- ↑ Formann 1918: Lærar A.B.Botholfsen; Svensby, ifl. "Aarsmelding for maallaget Trollvasstind 1918" (Kjelde: NM-arkivet)
- ↑ Arkiv for norsk målreising, Peder Hovdan-arkivet: (Sørfjorden) / Ullsfjord [4]
- ↑ Midnattsol, 19. juli 1923
- ↑ Tromsø, 15. juli 1932: “Trekningsliste for ul Solleia, Buvikvoll”
- ↑ Midnattsol, 12. januar 1933: “Brevkveld”
- ↑ Arkiv for norsk målreising, Peder Hovdan-arkivet: Tromsøysund
- ↑ Roger Lockertsen: "Nordnorsk målreising 1848-1945", side 250-252 i Bull og Jetne: "Nordnorsk : språkarv og språkforhold i Nord-Noreg" Samlaget 1982. nb.no
- ↑ Avisa Nordlys 27. februar 1957: "Dialektgranskinga godt i gang i Troms" [Årsmøte 24.2.1957]
- ↑ Avisa Nordlys 27. juni 1961: "Lars Berg ny formann i mållaget" [Årsmøte 22.6.1961]
- ↑ Avisa Tromsø 15. februar 1962: "Godt år for Troms og omland mållag. Lars Berg attvald til formann" [Årsmøte 8.2.1962]
- ↑ Avisa Nordlys 15. februar 1962: "Lars Berg attvald til formann" [Årsmøte 8.2.1962]
- ↑ Avisa Nordlys 13. juni 1963: "Grammatikk over Troms-dialekter ferdig i 1964" [Årsmøte 11.6.1963]
- ↑ Avisa Tromsø 18. juni 1963: "Årsmøte i Tromsø og omland mållag. Lars Berg attvald som formann" [Årsmøte 11.6.1963]
- ↑ Avisa Nordlys 26. februar 1968: Årsmøte-annonse [Årsmøte 26.1.1968] [5]
- ↑ Avisa Tromsø 18. februar 1971: "Årsmøte i Tromsø mållag" [Årsmøte 16.2.1971] [6]
- ↑ Avisa Nordlys 10. april 1972: "Tromsø mållag vil ta fatt på fleire kulturoppgåver i byen" [Årsmøte 6.4.1972] [7]
- ↑ Avisa Tromsø 10. april 1972: "Olav Aasegg ny mållagsformann" [Årsmøte 6.4.1972] [8]
- ↑ Avisa Nordlys 21. februar 1973: Tromsø mållag, annonse [Årsmøte 23.2.1973] [9]
- ↑ Avisa Tromsø 28. januar 1975: "Godt arbeidsår i Tromsø Mållag. Bjørnar Østgård attvald formann" [Årsmøte 23.1.1975] [10]
- ↑ Avisa Nordlys 28. januar 1975: "Tromsø Mållag arbeider godt" [Årsmøte 23.1.1975] [11]
- ↑ Avisa Tromsø 9. februar 1976: "Tove Bull ny formann i Tromsø Mållag" [Årsmøte 5.2.1976] [12]
- ↑ Avisa Tromsø 3. april 1979: "Svar frå formannen i Tromsø Mållag"
- ↑ Avisa Tromsø 28 januar 1980: "Årsmøte i Tromsø Mållag" [Årsmøte 24.1.1980] [13]
- ↑ Avisa Nordlys 29 januar 1980: "Årsmøte i Tromsø Mållag" [Årsmøte 24.1.1980] [14]
- ↑ Avisa Nordlys 4. februar 1981: "Bj. Østgård ny formann i Tromsø Mållag" [Årsmøte 1981] [15]
- ↑ Avisa Nordlys 16. februar 1982: "Tromsø mållag har hatt årsmøte" [Årsmøte 1982] nb.no
- ↑ Avisa Tromsø 17. februar 1982: "Bra arbeidsår i Troms[ø] mållag i fjor" [Årsmøte 1982] nb.no
- ↑ Avisa Tromsø 7. april 1984: "Attval i Tromsø mållag" [Årsmøte 1984] nb.no
- ↑ Avisa Tromsø 1. november 1985: "Mållag-kritikk av nærradioene" [Bjørnar Østgård] nb.no
- ↑ Tromsø Mållag: Årsmelding 1985
- ↑ Årsmelding for Tromsø Mållag 1993-94
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Mållaget Heimhug 1898-1923. Festskrift
- Roger Lockertsen: «Nordnorsk målreising 1848-1945», side 247-277 i Bull og Jetne: Nordnorsk : språkarv og språkforhold i Nord-Noreg. Samlaget 1982. nb.no
- Avisene "Tromsø", "Nordlys" og "Den 17de Mai", på nb.no
- Fakta om Tromsø mållag
- Oversyn over lagssoga skrive av Bjørnar Østgård til 50-årsjubileet i 2004[daud lenkje]