Tromsøbadet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tromsøbadet

Tromsøbadet sett frå nordvest
Foto: Harald Groven
Kart
Tromsøbadet
69°40′28″N 18°57′18″E / 69.674381°N 18.954866°E / 69.674381; 18.954866

Tromsøbadet er eit badeanlegg på Tromsøya i Troms fylke.[1]

Badeanlegget vart opna 24. august 2019.[2] Anlegget inneheld mellom anna eit stort badebasseng, stupetårn (5 m, 7,5 m og 10 m), to vassklier på 30 og 70 meter,[3] 34 °C utebasseng og bølgjebasseng.[4] Anlegget har òg ein stor innandørs klatrevegg.

Sidan anlegget ligg nokså sentralt på Tromsøya, og nært til lysløype og stiar på Tromsøya, er det tilrettelagt med sykkelparkeringsplassar og plass til 108 par ski rett utanfor døra. Det er òg godt bussamband og parkeringsplassar for bil.[1]

I anlegget er det dessutan butikk og ein kafé. Tromsøbadet driv også svømmeopplæring.[5]

Tromsøbadet er utsmykka med kunst av Arnold Johansen, Marit Ellisiv Landsend, Kåre Aleksander Grundvåg og Tegson.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Hvordan kommer du deg hit? - Tromsøbadet», Tromsøbadet (på norsk bokmål), henta 16. november 2022 
  2. «Pangstart for Tromsøbadet - Tromsøbadet», Norsk (på norsk bokmål), henta 16. november 2022 
  3. «Vannsklier - Tromsøbadet», Norsk (på norsk bokmål), henta 16. november 2022 
  4. «Bølgebasseng - Tromsøbadet», Tromsøbadet (på norsk bokmål), henta 16. november 2022 
  5. «Informasjon - Tromsøbadet», Tromsøbadet (på norsk bokmål), henta 16. november 2022 
  6. «Kunst som overrasker og utfordrer - Tromsøbadet», Norsk (på norsk bokmål), henta 16. november 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]