Tromsøgodset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tromsøgodset var eit jordegods med hovudsete på Karnes ved Lyngseidet, Lyngen i Troms.

Det omfatta ei rekke eigedomar i Hillesøy, Skjervøy og Lyngen som opphavleg var ein del av kongen sitt krongods, men vart selt til Joachim Irgens i 1666. Irgens gjekk konkurs, og etter dødsbuet vart nokre av eigedomane i 1677 overteke av lagmannen Gjert Lange, som dessutan òg var godsforvaltar for Irgensgodset. På dette tidspunktet omfatta det 120 gardar og rundt 90 finnerydningar, som i overtakinga vart verdsett til rundt 5000 riksdalar. Irgens' enke Cornelia Bickers kjøpte tilbake desse i 1705, og sat som eigar inntil dauden hennar i 1708. Hennar bror, Jacob de Petersen frå Amsterdam, overtok i 1713, og namnet «Tromsøgodset» vart teke i bruk omtrent då.

Hans søner selde i 1751 til kjøpmann Johan Chr. Hvid frå Trondheim. Hans far Michael Hvid var godsstyrar i perioden 1716-1757. Johan Hysing overtok godset i 1764 for 6000 dalar, og sonen hans Ahlert Hysing overtok i 1771 for 6600 dalar. Hans svoger Andreas Røst kjøpte det i 1772 for 7000 riksdalar, og i 1777 og 1781 vart det selt vidare til Georg Wasmuth. Ei tredeling vart gjort 10. juni 1783, då godset utgjorde 139 våger, 2 bismarpund og 12 mark og kjøpesummen sett til 8600 riksdalar.

Den nordlege delen med Skjervøy og Kåfjord opp til Finnmark, gjekk til Hysing, seinare drive av Ovidia Fredrikke Lyng også kalla «Mor Lyng»; dette vart kalla Skjervøygodset. Georg Wasmuth fekk den midtre, inkludert Helgøy, Karlsøy, Ullsfjord og Lyngen; dette vart kalla Karnesgodset og seinare overteke av sonen Ulrik.

Hans Andreas Moursund den søre delen som omfatta Hillesø og Troms sokn; dette vart heretter kalla Bentsjordgodset eller Moursundgodset.

Rundt 1850 begynte oppdelinga og sal til leiglendingane som brukte jorda.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]