Hopp til innhald

Troms fylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Troms fylkeskommune)
Troms fylke
Romssa fylka
fylke
Fylkesvåpen
Land  Noreg
Adm.senter Tromsø
Areal 26 189,43 km²
   land 25 167,83 km²
   vatn 1 021,6 km²
Folketal 170 479  (1. januar 2025)
Folketettleik 7 / km²
Målform nøytral
Statsforvaltar Elisabeth Aspaker
Fylkesordførar Kristina Torbergsen (Ap)
Fylkesnummer 55
Kart
Troms fylke
69°09′23″N 19°24′07″E / 69.15645°N 19.401855555556°E / 69.15645; 19.401855555556
Wikimedia Commons: Troms
Nettstad: www.tromsfylke.no

Troms (nordsamisk Romsa,[1] kvensk Tromssa[2]) er eit fylke i Noreg. Det grensar til Finnmark fylke i nord, til Nordland fylke i sør og til Lapplands län i Finland og Norrbottens län i Sverige i aust. Frå 2020 til 2023 var Troms ein del av Troms og Finnmark fylke. Dette blei likevel reversert, slik at Troms blei eit eige fylke igjen den 1. januar 2024.

Fylket har kystline mot Norskehavet, og landskapet er prega av både hav og fjell. Det omfattar talrike øyar, som Senja, Kvaløya og Ringvassøy, og fjordar, med Lyngenfjorden som den lengst. I kystområdet har fiske alltid vore den viktigaste næringsvegen. I det fjellrike innlandet, derimot, har ein hovudsakleg livberga seg gjennom dyrehald.

Det norske forsvaret er ein viktig arbeidsgjevar i Troms. Den sjette divisjonen, fleire fly- og helikopterbasar og radarstasjonar ligg her.

Politisk styring

[endre | endre wikiteksten]

Troms fylkeskommune har sidan attopprettinga den 1. januar 2024 blitt styrt etter formannskapsmodellen.[3] I perioden frå 2003 til 2020 hadde Troms fylke ein parlamentarisk modell.[4][5]

Fylkesvåpen

[endre | endre wikiteksten]

Fylkesvåpenet viser ein griff. Dette er eit fabeldyr som er halvt løve og halvt ørn. Som våpen symboliserer griffen motet til ørna og styrken til løva. Griffen var merket til Bjarkøyætta. Denne slekta var i seinmellomalderen ei av dei rikaste og mektigaste i Noreg. Baron Bjarne Erlingssøn som døydde i 1313 førte griffen som våpen. Godset hans omfatta sannsynlegvis store delar av det som i dag er Troms fylke.

Folketala i oversynet under er frå SSB per 1. januar 2025.

Nr. Kart Namn Adm. senter Folkemengd Flatevidd
km²
Målform Distrikt
5501
Tromsø kommune
Tromsø kommune
 Tromsø Tromsø 79 421 2 524 nøytral Nord-Troms
5503
Harstad kommune
Harstad kommune
Harstad Harstad 25 167 446 nøytral Sør-Troms
5510
Kvæfjord kommune
Kvæfjord kommune
 Kvæfjord Borkenes 2 852 513 nøytral Sør-Troms
5512  Tjeldsund Evenskjer 4 209 814 bokmål Sør-Troms
5514
Ibestad kommune
Ibestad kommune
 Ibestad Hamnvik 1 301 241 bokmål Sør-Troms
5516
Gratangen kommune
Gratangen kommune
 Gratangen Årstein 1 062 313 nøytral Sør-Troms
5518
Lavangen kommune
Lavangen kommune
 Lavangen Tennevoll 985 302 nøytral Sør-Troms
5520
Bardu kommune
Bardu kommune
 Bardu Setermoen 3 961 2 704 nøytral Midt-Troms
5522
Salangen kommune
Salangen kommune
 Salangen Sjøvegan 2 116 458 nøytral Sør-Troms
5524
Målselv kommune
Målselv kommune
 Målselv Moen 6 794 3 322 nøytral Midt-Troms
5526
Sørreisa kommune
Sørreisa kommune
 Sørreisa Sørreisa 3 533 363 nøytral Midt-Troms
5528
Dyrøy kommune
Dyrøy kommune
 Dyrøy Brøstadbotn 1 069 289 bokmål Midt-Troms
5530 Senja kommune Senja Finnsnes 14 948 1 953 nøytral Midt-Troms
5532
Balsfjord kommune
Balsfjord kommune
 Balsfjord Storsteinnes 5 595 1 496 bokmål Nord-Troms
5534
Karlsøy kommune
Karlsøy kommune
 Karlsøy Hansnes 2 223 1 086 nøytral Nord-Troms
5536
Lyngen kommune
Lyngen kommune
 Lyngen Lyngseidet 2 734 813 nøytral Nord-Troms
5538
Storfjord kommune
Storfjord kommune
 Storfjord Hatteng 1 829 1 543 nøytral Nord-Troms
5540
Kåfjord kommune
Kåfjord kommune
 Kåfjord Olderdalen 1 955 991 bokmål Nord-Troms
5542
Skjervøy kommune
Skjervøy kommune
 Skjervøy Skjervøy 2 784 473 bokmål Nord-Troms
5544
Nordreisa kommune
Nordreisa kommune
 Nordreisa Storslett 4 810 3 437 bokmål Nord-Troms
5546
Kvænangen kommune
Kvænangen kommune
 Kvænangen Burfjord 1 131 2 108 nøytral Nord-Troms
Totalt
Troms
Troms
Troms Troms Tromsø 170 479 26 189 nøytral Nord-Noreg

Det er 37 representantar i fylkestinget.[6]

Partifordeling etter valet i 2023:

Parti:Representantar:
Arbeidarpartiet9
Høgre7
Framstegspartiet6
Sosialistisk Venstreparti4
Senterpartiet3
Industri- og Næringspartiet2
Raudt2
Kristeleg Folkeparti1
Miljøpartiet Dei Grøne1
Nordkalottfolket1
Venstre1

Klimaet i Troms er prega av den kompliserte topografien, som gjev stor skilnad mellom kyststrøk og indre strøk.

Om sommaren bles bakkevinden som regel frå nord-nordaust ved kysten, medan det i fjordar og dalføre bles inn mot dei varmare indre strøka. Om vinteren bles det ofte kald utfallsvind og ved kysten er retninga som regel frå søraust til sørvest. Kuling og storm er ikkje så hyppig som på utsette kyststrekningar i Nordland og Finnmark.

Februar er den kaldaste månaden av året med ein middeltemperatur på kring -2 °C, medan middeltemperaturen i indre dalstrøk varierer frå -6 til -9 °C. Dei lågaste minimumstemperaturane som er målt er frå -10 til -15 °C ved kysten og frå -30 til -40 °C i dalstrøka. Middeltemperaturen for juli er 11–12 °C ved kysten og kring 14 °C i indre dalstrøk. Når det i midnattssoltida strøymer varm luft frå søraust, kan det bli opp mot 30 grader ved kysten og over dette i indre strøk.

På grunn av topografien varierer nedbøren sterkt i fylket. Årsnedbøren er omkring 750 mm i ytre kyststrøk og 1000–1500 mm i ein maksimalsone langs kystfjella. Over dei skjerma dalstrøka fell det berre 300–600 mm. Nær kysten kan det somme år komme særs mykje snø i samband med ustabil havluft frå nordvest. Ytre strøk har ein del tåke på sommaren, men det er elles sjeldan tåke i lågareliggande strøk.

«Troms – klima» i Store norske leksikon, snl.no.

Referansar
  1. Lov om endring i lov 14. august 1918 nr. 1 om forandring av rikets inddelingsnavn (innføring av tospråklig navn på Troms fylke, norsk og samisk). Vitja 8. september 2018.
  2. http://www.kvenskestedsnavn.no/stedsnavn/view/836
  3. «Fylkesordfører» (på norsk bokmål). Troms fylkeskommune. Henta 8. januar 2024.
  4. «Politisk organisering» (på norsk bokmål). Arkivplan.no – Troms fylkeskommune. Henta 8. januar 2024.
  5. Eskild Johansen & Pål Hansen. «Skrotet parlamentarismen i Troms – men glemte reserveplan» (på norsk bokmål). NRK. Henta 8. januar 2024.
  6. «Partifordeling og gruppeledelse». Troms fylkeskommune. Henta 8. januar 2024.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]