Troms og Finnmark mållag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Troms og Finnmark Mållag)
Hopp til navigering Hopp til søk

Troms og Finnmark mållag er fylkeslaget for Noregs Mållag for Troms og Finnmark.

I 2017 hadde laget 230 medlemmar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

1860-1915[endre | endre wikiteksten]

Organisert målarbeid i Troms og Finnmark går tilbake til før Noregs Mållag blei skipa i 1906.

Dei første målfolka finn vi ved Tromsø Seminarium alt i 1860-åra. Elias Blix hadde gått ut her i 1855, men møtte ikkje landsmålet før han kom til Kristiania. Det same gjaldt John Klæbo som gjekk ut i 1861. I 1860-62 var Karl Akre elev her. I 1872-74 var Ananias Brune seminarist, og saman gav desse to ut bladet Finnmarkingen i Vadsø i 1875, på landsmål og finnmarksmål. Olaus J. Myrnes (1870-72), Jens Riksheim (1871-73), Peter Karl Eberg Pedersen (1872-74) og Leonhard Næss (1872-74) var også ivrige målfolk mens dei gjekk på Tromsø Seminarium. 17. april 1898 blei mållaget Heimhug skipa ved lærarskolen i Tromsø.

Det første forsøket på å skipe eit regionalt mållag, blei gjort i 1899. 16. juli 1899 blei Nordmannalaget skipa i Tromsø. Det skulle vere eit landsdelslag for Nord-Noreg på line med Austmannalaget og Vestmannalaget. Til leiar blei T. Eidem, Tromsø, valt. Men Nordmannalaget fekk kort levetid.

1915-1921[endre | endre wikiteksten]

«Trums Fylkesmaallag» blei skipa på eit ungdomsstemna som Troms ungdomsfylking heldt på Finnsnes 12. juli 1915. Til styre blei valt lærar Ingvald M. Rødvik, Lenvik, formann, bladstyrar Rasmus Larsen Eide, Harstad, fylkeskolelærar Inggjald Leigland, Lyngseidet, Mikal Jakobsen, Årstein i Gratangen, og lærar Peder Johan Hartviksen, Skånland. 29 medlemmar teikna seg straks.

31. juli 1915 heldt fylkesmållaget det første ordinære årsmøtet sitt på Harstad. Fylkesskolelærar Inggjald Leigland, Lyngseidet, blei valt til formann. Med seg i styret fekk han sanitetsmajor Ingjald Reichborn-Kjennerud, som heldt til på Harstad i åra 1911-1918, og sorenskrivar Harald Thomas, som var på Ibestad frå 1915 til 1930. I styret sat i tillegg også Tøger Hagemann, Tromsø, som var skoledirektør i Troms frå 1915 til 1930, og Hans Nicolai Osnes, som var skoleinspektør i Tromsø frå 1914 til 1918.

Det neste ordinære årsmøte med stemna blei halde i Bardu 29. og 30. juli 1916. Styret blei i stor monn attvalt: Fylkesskolelærar Inggjald Leigland, Lyngseidet, blei attvalt til formann. Skoledirektør Tøger Hagemann, Tromsø, blei valt til varaformann. Til styremedlemmar blei valt skoleinspektør Hans Nicolai Osnes, Tromsø, bladstyrar Rasmus Larsen Eide, Harstad, og sorenskrivar Harald Thomas, Ibestad.

Dei fem første åra blei det halde fleire stemne: eitt stemne i Bardu, to på Finnsnes, eitt i Kvæfjord, eitt på Trondenes, eitt i Sørvika, to i Tromsø og eitt stemne i Øverbygd. På stemna møtte det jamleg 2-300 menneske. Det var alltid gudsteneste på landsmål og eit eller fleire foredrag om målsaka. Dei første fem åra blei det halde rundt 75 foredrag med 9-10.000 tilhøyrarar.

Dei første åra blei det skipa fleire mållag: Finnsnes mållag (1914), mållaget Heimferd, Sørreisa (1914), Måltrasten, Fauskevåg (1917), mållaget Trollvasstind, Svensby (1917), Kvedfjord maallag (1917), mållaget Ruten, Øverbygd (1920). Kvedfjord og Heimferd sovna straks inn. I tillegg meldte fleire ungdomslag seg inn i fylkesmållaget i åra 1915-20: ungdomslaget Fram, Grøtavær, ungdomslaget Soleia, Buvikvoll, Bondeungdomslaget i Tromsø, elevlaget Solhov, Lyngseidet.

Skolestyrar Inggjald Leigland, Lyngseidet, var formann i 1920, og med seg i styret dette året hadde han skoledirektør Tøger Hagemann, Tromsø, overlærar Vilhjelm Riksheim, Tromsø, lærar Oluf Nymoen, Fauskevåg, og fylkesskolelærar Ove Normann, Ibestad.

Det blei ikkje kalla inn til årsmøte i fylkesmållaget i 1921, og i praksis blei laget dermed lagt ned. I staden blei Hålogalands målkontor skipa 12. september 1922 skipa, og det var i drift fram til 1940.

1932-1940[endre | endre wikiteksten]

I samband med årsmøtet i Troms ungdomsfylking på Bjarkøya 9.juli 1932 blei arbeidet i Troms fylkesmållag tatt opp att, og nytt styre blei valt. Til formann blei valt Sigurd Fauskevåg, Sandtorg. I 1933 tok Norvald Dyrvik over som formann, og deretter var Edvard Ruud, Elgsnes, formann frå 1936. I praksis slutta fylkesmållaget å fungere i 1940.

1947-i dag[endre | endre wikiteksten]

Troms fylkesmållag blei oppattskipa på eit møte i Tromsø i 1947, og laget har sia vore i jamnt arbeid.

I samband med at det blei skipa mållag i Finnmark, og desse blei ein del av fylkesmållaget, endra laget rundt 1990 namnet sitt til Troms og Finnmark mållag.

Leiarar[endre | endre wikiteksten]

Formenn i Trums fylkesmaallag 1915-1921[endre | endre wikiteksten]

  1. 1915: Ingvald M. Rødvik, Lenvik
  2. 1915-1921: Inggjald Leigland, Lyngseidet

Formenn i Troms fylkesmållag 1932-1940[endre | endre wikiteksten]

  1. 1932-33: Sigurd Fauskevåg, Sandtorg
  2. 1933-1936: Norvald Dyrvik, Evenskjer
  3. 1936-1940: Edvard Ruud, Elgsnes

Leiarar i Troms fylkesmållag 1947-1991[endre | endre wikiteksten]

  1. 1947-54: Olav Løkse, Finnfjordbotn
  2. 1954-64: Jens Heim, Balsfjord/Tromsø
  3. 1964-71: Olav Løkse, Finnfjordbotn
  4. 1971-72: Johan Nymo, Målselv
  5. 1972-75: Herolv Olsen, Tromsø
  6. 1975-77: Kjellaug Jetne, Tromsø
  7. 1977-81: Ørjan B. Dahl, Tromsø (Målselv)[1]
  8. 1981-91: manglar årstal og namn, men leiarar i denne perioden har bl.a. vore Herolv Olsen, Tromsø (1981, 1985), og Kurt Reinhardt (før 1984).

Leiarar i Troms og Finnmark mållag 1991-[endre | endre wikiteksten]

  1. 1991-92: Bjørnar Østgård, Tromsø
  2. 1992-94: Aud-Kirsti Pedersen, Tromsø
  3. 1994-98: Steinar Aas, Tromsø Ny mållagsleder (Avisa "Tromsø" 24. mars 1994)
  4. 1998-99: Trond Trosterud, Tromsø
  5. 1999-04: Bjørnar Østgård, Tromsø
  6. 2004-06: Trond Trosterud, Tromsø
  7. 2006-08: Olaug Husabø, Tromsø
  8. 2008-10: Sigrun Høgetveit Berg, Tromsø
  9. 2010-11: Inger Johanne Sæterbakk, Tromsø
  10. 2011-13: Øystein Vangsnes, Tromsø
  11. 2013-15: styret i Tromsø mållag
  12. 2015-17: Sæmund Stokstad, Tromsø
  13. 2017-20: Magne Leon Heide, Harstad [2]

Medlemslag og lokale mållag[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Lockertsen, Roger 1984: Målreising i Nord-Noreg 1898-1940 : organisering av målstriden og striden for skolemålet. (289 s.). Hovudoppgåve - Universitetet i Tromsø.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]