Troms og Finnmark mållag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Troms og Finnmark mållag er fylkeslaget for Noregs Mållag for Troms og Finnmark.

I 2020 hadde laget 238 medlemmar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

1860-1915[endre | endre wikiteksten]

Organisert målarbeid i Troms og Finnmark går tilbake til før Noregs Mållag blei skipa i 1906.

Dei første målfolka finn vi ved Tromsø Seminarium alt i 1860-åra. Elias Blix hadde gått ut her i 1855, men møtte ikkje landsmålet før han kom til Kristiania. Det same gjaldt John Klæbo som gjekk ut i 1861. I 1860-62 var Karl Akre elev her. I 1872-74 var Ananias Brune seminarist, og saman gav desse to ut bladet Finnmarkingen i Vadsø i 1875, på landsmål og finnmarksmål. Olaus J. Myrnes (1870-72), Jens Riksheim (1871-73), Peter Karl Eberg Pedersen (1872-74) og Leonhard Næss (1872-74) var også ivrige målfolk mens dei gjekk på Tromsø Seminarium. 17. april 1898 blei mållaget Heimhug skipa ved lærarskolen i Tromsø.

Det første forsøket på å skipe eit regionalt mållag, blei gjort i 1899. 16. juli 1899 blei Nordmannalaget skipa i Tromsø. Det skulle vere eit landsdelslag for Nord-Noreg på line med Austmannalaget og Vestmannalaget. Til leiar blei T. Eidem, Tromsø, valt. Men Nordmannalaget fekk kort levetid.

1915-1921[endre | endre wikiteksten]

«Trums Fylkesmaallag» blei skipa på eit ungdomsstemna som Troms ungdomsfylking heldt på Finnsnes 12. juli 1915. Til styre blei valt lærar Ingvald M. Rødvik, Lenvik, formann, bladstyrar Rasmus Larsen Eide, Harstad, fylkeskolelærar Inggjald Leigland, Lyngseidet, Mikal Jakobsen, Årstein i Gratangen, og lærar Peder Johan Hartviksen, Skånland. 29 medlemmar teikna seg straks.

31. juli 1915 heldt fylkesmållaget det første ordinære årsmøtet sitt på Harstad. Fylkesskolelærar Inggjald Leigland, Lyngseidet, blei valt til formann. Med seg i styret fekk han sanitetsmajor Ingjald Reichborn-Kjennerud, som heldt til på Harstad i åra 1911-1918, og sorenskrivar Harald Thomas, som var på Ibestad frå 1915 til 1930. I styret sat i tillegg også Tøger Hagemann, Tromsø, som var skoledirektør i Troms frå 1915 til 1930, og Hans Nicolai Osnes, som var skoleinspektør i Tromsø frå 1914 til 1918.

Det neste ordinære årsmøte med stemna blei halde i Bardu 29. og 30. juli 1916. Styret blei i stor monn attvalt: Fylkesskolelærar Inggjald Leigland, Lyngseidet, blei attvalt til formann. Skoledirektør Tøger Hagemann, Tromsø, blei valt til varaformann. Til styremedlemmar blei valt skoleinspektør Hans Nicolai Osnes, Tromsø, bladstyrar Rasmus Larsen Eide, Harstad, og sorenskrivar Harald Thomas, Ibestad.

Dei fem første åra blei det halde fleire stemne: eitt stemne i Bardu, to på Finnsnes, eitt i Kvæfjord, eitt på Trondenes, eitt i Sørvika, to i Tromsø og eitt stemne i Øverbygd. På stemna møtte det jamleg 2-300 menneske. Det var alltid gudsteneste på landsmål og eit eller fleire foredrag om målsaka. Dei første fem åra blei det halde rundt 75 foredrag med 9-10.000 tilhøyrarar.

Dei første åra blei det skipa fleire mållag: Finnsnes mållag (1914), mållaget Heimferd, Sørreisa (1914), Måltrasten, Fauskevåg (1917), mållaget Trollvasstind, Svensby (1917), Kvedfjord maallag (1917), mållaget Ruten, Øverbygd (1920). Kvedfjord og Heimferd sovna straks inn. I tillegg meldte fleire ungdomslag seg inn i fylkesmållaget i åra 1915-20: ungdomslaget Fram, Grøtavær, ungdomslaget Soleia, Buvikvoll, Bondeungdomslaget i Tromsø, elevlaget Solhov, Lyngseidet.

Skolestyrar Inggjald Leigland, Lyngseidet, var formann i 1920, og med seg i styret dette året hadde han skoledirektør Tøger Hagemann, Tromsø, overlærar Vilhjelm Riksheim, Tromsø, lærar Oluf Nymoen, Fauskevåg, og fylkesskolelærar Ove Normann, Ibestad.

Det blei ikkje kalla inn til årsmøte i fylkesmållaget i 1921, og i praksis blei laget dermed lagt ned. I staden blei Hålogalands målkontor skipa 12. september 1922 skipa, og det var i drift fram til 1940.

1932-1940[endre | endre wikiteksten]

I samband med årsmøtet i Troms ungdomsfylking på Bjarkøya 9.juli 1932 blei arbeidet i Troms fylkesmållag tatt opp att, og nytt styre blei valt. Til formann blei valt Sigurd Fauskevåg, Sandtorg. I 1933 tok Norvald Dyrvik over som formann, og deretter var Edvard Ruud, Elgsnes, formann frå 1936. I praksis slutta fylkesmållaget å fungere i 1940.

1947-i dag[endre | endre wikiteksten]

Troms fylkesmållag blei oppattskipa på eit møte i Tromsø i 1947, og laget har sidan vore i jamnt arbeid.

I samband med at det blei skipa mållag i Finnmark, og desse blei ein del av fylkesmållaget, endra laget rundt 1989-1992 namnet sitt til Troms og Finnmark mållag.

Leiarar[endre | endre wikiteksten]

Formenn i Trums fylkesmaallag 1915-1921[endre | endre wikiteksten]

  1. 1915: Ingvald M. Rødvik, Lenvik
  2. 1915-1921: Inggjald Leigland, Lyngseidet

Formenn i Troms fylkesmållag 1932-1940[endre | endre wikiteksten]

  1. 1932-1933: Sigurd Fauskevåg, Sandtorg
  2. 1933-1936: Norvald Dyrvik, Evenskjer
  3. 1936-1940: Edvard Ruud, Elgsnes

Leiarar i Troms fylkesmållag frå 1947 til 1989[endre | endre wikiteksten]

  1. 1947-1954: Olav Løkse, Finnfjordbotn [1]
  2. 1954-1964: Jens Heim, Balsfjord/Tromsø [2]
  3. 1964-1971: Olav Løkse, Finnfjordbotn [3]
  4. 1971-1973: Johan Nymo, Målselv
  5. 1973-1975: Herolv Olsen, Tromsø [4]
  6. 1975-1977: Kjellaug Jetne, Tromsø [5]
  7. 1977-1981: Ørjan B. Dahl, Tromsø (Målselv) [6]
  8. 1981-1982: Kurt Reinhardt, Målselv (?)
  9. 1982-1984: manglar namn
  10. 1984-1987: Herolv Olsen, Tromsø [7]
  11. 1987-1989: Liv Ingebrigtsen, Tromsø [8]

Leiarar i Troms og Finnmark mållag frå 1989 til i dag[endre | endre wikiteksten]

  1. 1989-1992: Bjørnar Østgård, Tromsø [9]
  2. 1992-1994: Aud-Kirsti Pedersen, Tromsø [10]
  3. 1994-1998: Steinar Aas, Tromsø [11]
  4. 1998-1999: Trond Trosterud, Tromsø [12]
  5. 1999-2004: Bjørnar Østgård, Tromsø
  6. 2004-2006: Trond Trosterud, Tromsø
  7. 2006-2008: Olaug Husabø, Tromsø
  8. 2008-2010: Sigrun Høgetveit Berg, Tromsø [13]
  9. 2010-2011: Inger Johanne Sæterbakk, Tromsø
  10. 2011-2013: Øystein Vangsnes, Tromsø
  11. 2013-2015: styret i Tromsø mållag
  12. 2015-2017: Sæmund Stokstad, Tromsø
  13. 2017-2022: Magne Leon Heide, Harstad [14]

Medlemslag og lokale mållag[endre | endre wikiteksten]

Lokale mållag i Troms og Finnmark før 1945 [15][endre | endre wikiteksten]

Andre lokale mållag i Troms og Finnmark etter 1945[endre | endre wikiteksten]

Elev- og studentmållag:[endre | endre wikiteksten]

Litteratur, kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lockertsen, Roger 1984: Målreising i Nord-Noreg 1898-1940 : organisering av målstriden og striden for skolemålet. (289 s.). Hovudoppgåve - Universitetet i Tromsø.
  • Trums fylkesmaallag. Femaarsmelding 1915-1920. 62 sider.
  • Språk i nord (blogg drive av Troms og Finnmark mållag)
  • Aviser, blad og tidsskrift på nb.no.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tromsø, lørdag 1. november 1947: "Troms mållag" [1]
  2. Nordlys, onsdag 6. juli 1955, side 3: "Jens Heim attvald som form. i Fylkesmållaget" [2]
  3. Fremover, torsdag 17. september 1964, side 3: "Troms fylkesmållag reorganisert. Rektor Olav Løkse, Finnfjordbotn, ble valgt til ny formann i Troms Fylkesmållag under et møte i Tromsø laurdag. (…)" [3]
  4. Nordlys, onsdag 20. juni 1973: "Formannsskifte i Troms Fylkesmållag" [4]
  5. Nordlys, lørdag 22. mars 1975, side 3: "Interessa for målarbeid aukar. (…) Forkvinne: Kjellaug Jetne, (…)" [5]
  6. Tromsø, fredag 13. juni 1980: "Årsmøtet i Troms fylkesmållag" [6]
  7. Nordlys, torsdag 27. september 1984, side 11: "(Herolv Olsen) er for tida formann i Troms Fylkesmållag." [7]
  8. Norsk tidend: medlemsblad for Noregs mållag. 1987 nr 2, 30. april, side 20: "Jenter tek over: (…) I Troms har Liv Ingebrigtsen teke over som leiar etter Herolv Olsen." [8]
  9. Nordlys, fredag 7. april 1989, side 5: "Årsmøtet i Troms og Finnmark Fylkesmållag valgte Bjørnar Østgård, Tromsø. til ny leiar. Leiaren Liv Ingebrigtsen hadde fråsagt seg attval." [9]
  10. Norsk tidend: medlemsblad for Noregs mållag. juli 1992: "Aud Kirsti Pedersen ny leiar i Troms og Finnmark" [10]
  11. Tromsø, torsdag 24. mars 1994: "Ny mållags-leder" [11]
  12. Nordlys, onsdag 10. juni 1998: "Årsmøte i Troms og Finnmark Mållag" [12]
  13. Norsk tidend: medlemsblad for Noregs mållag. 2008 Nr. 3: "Ny leiar i aust og nord" [13]
  14. i Tromsø, 6. mai 2019: "Stor medlemsvekst i mållaget i Troms og Finnmark" [14]
  15. Lockertsen 1982, side 250-252 nb.no
  16. Den 17de Mai 13. april 1898: "Fraa Vardøy" nb.no
  17. Mållaget Heimhug 1898-1923. Festskrift nb.no
  18. Den 17de Mai 25. juli 1899: "Nordmannalaget" nb.no
  19. Den 17de Mai 15- desember 1899: "Maallag i Trumsøy" [15]
  20. Troms Folkeblad 20. november 1979: "Nytt mållag i Salangen" nb.no
  21. Den 17de Mai 12. februar 1919: "Eit lite mønstermaallag" nb.no
  22. Den 17de Mai 25. april 1940: "Maalvoksteren" nb.no
  23. Harstad Tidende 6. mars 1936
  24. Nordlys 17. februar 1959
  25. Troms Folkeblad, 10. februar 1977: "Lenvik mållag har møte" nb.no
  26. Troms Folkeblad 26. mars 1993: ""Kulturtilskiping på Finnsnes hotell" nb.no
  27. Noregs Mållag: Årsmelding 2001-2002, side 62 nm.no
  28. Norsk Tidend 14.8.1947: "Det har meldt seg kring 40 interesserte"
  29. Nordlys 21.9.1961: "Bardu mållag hedrer Reinert Vikland"
  30. Tromsø 28. november 1963: "Julehefte for Bardu og Målselv" nb.no
  31. Nye Troms 19.11.1998, reportasje om "Jul i Bardu- og Målselvdalen" utgitt av Bardu mållag og Målselv mållag
  32. Finnmark Dagblad 14.6.1977: "Hammerfest mållag skipa"
  33. Nordlys 18.9.1979
  34. Nordlys 16.11.1995: Nordreisa mållag støttar det kvenske miljøet
  35. Noregs Mållag: Årsmelding 2001-2002, side 62 nm.no
  36. Troms Folkeblad 20. november 1979: "Nytt mållag i Salangen" nb.no
  37. Altaposten 11.desember 1979: "Mållag danna i Alta" nb.no
  38. Noregs Mållag: Årsmelding 2001-2002, side 62 nm.no
  39. Grepstad, Jon. (13. mars 2012). Mållaget Heimhug. I Allkunne.
  40. Tromsø 1. juli 1952: "Årsmøte i Troms Fylkesmållag" nb.no
  41. Sjå Målfront, organ for Norsk Målungdom, nr 4-1975, side 4: "Mens Tromsø Målungdom ((tidl. Tromsø Student- og Elevmållag) berre har rukke å bli 3 år.". [16]
  42. Sjå innlegg i avisa Tromsø, tysdag 25. mars 1975 [17]
  43. Siste avisoppslag er i Dag og Tid 16.04.1998: "Brysame lag som Studentmållaget i Bergen, Hallingdal Målungdom, Tromsø Målungdom og Studentmållaget i Tromsø fekk alle merke kor lite velkomne dei var med sine meiningar." [18]
  44. I oktober 1990 bed Studentmållaget inn til Skolemålskonferanse, sjå avisa Tromsø, tysdag 16. oktober 1990 [19]
  45. Siste avisinnlegg frå Studentmållaget i Tromsø, "Nynorsk på Høgskulen" er i avisa Tromsø, fredag 14. april 2000 [20]
  46. Brønnøysundregistra. Nøkkelopplysninger fra Enhetsregisteret . Lese den 31. mars 2019.
  47. Lofotposten, tirsdag 9. april 1974 : "Målungdom i Harstad har organisert seg" [21]
  48. Harstad Tidende, fredag 25. oktober 1985: "Kva er Harstad Målungdom?" [22]
  49. Nye Troms, laurdag 14. februar 1976 : "No har ein del ungdomar skipa til Målselv Målungdom"
  50. Nye Troms, laurdag 7. januar 1984: Reidun L. Traasdahl er leiar
  51. Nye Troms, laurdag 8. april 1976 : "Dessutan er desse ungdomsmållaga knytte til TF: (…) Lenvik Målungdom"
  52. NMU-nytt (Norsk målungdom). 1977 Nr. 5.side 8: "I haust har det vorte starta 7 nye lag i NMU: (...) i Finnfjordbotn i Troms (...)" [23]
  53. Målfront : organ for Norsk målungdom. 1979. årgang 8, nr. 8, side 3: "Målungdommen på Finnfjordbotn vidaregåande skole" [24]
  54. Troms Folkeblad, torsdag 9. april 1981: "Meir dialekt i radio og fjernsyn" [25]
  55. Nye Troms, tysdag 28. juni 1977 : "Skipingsmøte av Nordnorsk Målungdom i Vågan 7. og 8. mai 1977"
  56. Altaposten, mandag 24. februar 1992: "Kulturkveld for språkfolk" [26]
  57. Mål og Makt nr 3-1992, "Språk på Nordkalotten" har med dei fire innleiinga som blei halde på eit seminar som Nordnorsk Målungdom skipa i Alta 22.-23. februar 1992. [27]