Trond Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Trond Andersen (fødd 6. januar 1975) er ein norsk, tidlegare fotballspelar frå Kristiansund. Han spela for dei norske klubbane Clausenengen og Molde, engelske Wimbledon FC og dei danske klubbane Aalborg og Brøndby. Mellom 1999 og 2005 spela han 38 landskamper for Noreg. På landslaget spela han oftast i ein defensiv midtbaneposisjon, medan han på klubbnivå like gjerne spela i forsvaret.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Andersen spela frå 1992 til -94 for Clausenengen i heimbyen, der han mellom andre var lagkamerat med Ole Gunnar Solskjær. Før 1995-sesongen gjekk både Andersen og Solskjær over til Molde, der begge spelarane same sesongen var med på å vinne sølv i serien. Seinare, 1998 og 1999, vann Andersen nye seriesølv med Molde FK.

Sommaren 1999 vart Andersen overført til den engelske fotballklubben Wimbledon FC, ei av dei fyrste signeringane den nye klubbtrenaren Egil Olsen gjorde. Andersen var ein av fleire norske spelarar i klubben, men var den einaste som hadde fast plass i startellevaren. Wimbledon rykte ned frå Premier League i 2000. Etter tre sesongar på nivå to i England, signerte Andersen i 2003 for den danske toppserieklubben Aalborg. Her var han med då klubben i 2004 tapte den danske cupfinalen med 0-1 for FC København. I september 2005 vart Andersen kjøpt av den danske hovudstadsklubben Brøndby. Han pådrog seg ein alvorleg kneskade i april 2006, noko som til sist gjorde at han la opp.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Andersen debuterte på A-landslaget i ein privatlandskamp mot Jamaica i mai 1999. Året etter var han med i den norske EM-troppen i EM i fotball 2000. Andersen kom ikkje på bana i nokon av dei tre kampane i EM-sluttspelet, men var stort sett fast på landslaget i heile resten av den perioden Nils Johan Semb var norsk landslagssjef, fram til 2004. Privatlandskampen mot Estland i april 2005 vart Andersen sin 38. og siste landskamp. Han skåra ikkje mål for Noreg.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk seriesølv med Molde 1995, 1998, 1999
  • Dansk cupsølv med Aalborg 2004
  • Dansk seriesølv med Brøndby 2006

Kjelder[endre | endre wikiteksten]