Trond André Bolle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trond André Bolle
Fødd5. juli 1968
FødestadVestby
Død27. juni 2010 (41 år)
DødsstadFaryab
Tenestetid19892010
RangOrlogskaptein
Eining Marinejegerkommandoen
KonfliktarJugoslavia-krigane
Kosovokrigen
Krigen i Afghanistan (2001–)

Trond André Bolle (5. juli 196827. juni 2010) var ein norsk offiser, spesialsoldat og orlogskaptein i Marinejegerkommandoen. Han vart drepen av ei vegbombe i Afghanistan i 2010 og vart i 2011 tildelt Krigskrossen med sverd (posthumt).

Teneste[endre | endre wikiteksten]

Bolle byrja i marinejegerkommandoen i 1989.[1] Han tenestegjorde i det tidlegare Jugoslavia og i Kosovo, og hadde fleire tenesteperiodar i Afghanistan. Under tenesta i det tidlegare Jugoslavia var Bolle nestleiar i ei etterretningsgruppe som skaffa informasjon til NATO.[2]

Etter å ha delteke i operasjonar i Afghanistan i 2005, vart Bolle innstilt til utmerkinga Krigskrossen med sverd. Forsvarssjef Sverre Diesen ynskte på denne tida å gjeninnføra den høgaste norske militære utmerkinga. Han ynskte å tildela denne til Bolle og brukte hans innsats til å argumentera for gjeninnføringa. Då Diesen var på besøk hos norske styrkar i Afghanistan i 2005, fekk Bolle vita at forsvarssjefen ynskte å heidra han. Krigskrossen vart likevel først gjeninnført i 2009, og Bolle vart tildelt utmerkinga etter at han døydde.[3] Bolle var i Afghanistan då den norske leiren i «Banken» i Maimana by vart angripen i 2006. Det utvikla seg til ein av dei lengste skotvekslingane dei norske styrkane hadde vore med på i Afghanistan.

I 2011 vart det kjent at Bolle hadde tjenestegjort for E 14, ei løynleg avdeling i Etterretningstenesta.[4] Han skal ha vorte rekruttert frå Marinejegerkommandoen i 1998, og var i ein periode nestkommanderande for avdelinga.[5]

Død[endre | endre wikiteksten]

Trond Bolle vart tildelt Krigskrossen med sverd post mortem
Foto: KEN

Bolle vart drepen sundag 27. juni 2010 under teneste i ISAF i Afghanistan. Han var ein del av ein motorisert patrulje (Military Observation Team, MOT) på eit ISAF-oppdrag i byen Almar i Faryab-provinsen då køyretøyet han sat i vart ramma av ei vegbombe, òg kalla IED. I køyretøyet sat også tre andre norske soldatar, Andreas Eldjarn, Simen Tokle og Christian Lian. Alle fire mista livet i det som er det største tapet av norsk personell i ei enkelthending i samband med krigen i Afghanistan.[6]

Bolle var busett i Austre Toten kommune. Den første norske soldaten som vart drepen i Afghanistan i 2004, Tommy Rødningsby, kom òg frå denne kommunen. Bolle vart dermed den andre soldaten frå Austre Toten kommune som mista livet i Afghanistan.[7]

Khalid Skah-saka[endre | endre wikiteksten]

Etter at vegbomba tok livet av Bolle, vart det kjent at han var ein av to kommandosoldatar som var med på ein privat operasjon der dei to borna til friidrettsstjerna Khalid Skah vart henta ut av Marokko i juli 2009.[8] Saka skapte store overskrifter i media, og førte Marokko og Noreg inn i ein diplomatisk konflikt.[8]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bolle er tildelt følgjande medaljar:

  • Krigskrossen med sverd
  • Medaljen til forsvaret for internasjonale operasjonar med tre stjerner
  • Operasjonsmedaljen til forsvaret i band for Afghanistan med markering for fire tenesteperiodar
  • Sjøforsvarets vernedyktighetsmedalje med tre stjerner
  • NATO-medaljen i band for teneste i det tidlegare Jugoslavia
  • NATO-medaljen i band for teneste i Kosovo
  • NATO-medaljen Non-Article 5 i band for teneste i ISAF
  • NAIS-medaljen i gull med éi stjerne.[9]
  • Forsvarets medalje for falne i strid etter sin død.

Motstandsmannen Gunnar Sønsteby uttalte 29. juni 2010 at Bolle i høgaste grad hadde gjort seg fortent til Krigskrossen med sverd, og burde få tildelinga post mortem.[10]

Bolle vart i statsråd 21. januar 2011 tildelt Krigskrossen med sverd «for personlig utvist tapperhet og særlig fremragende ledelse under internasjonale operasjoner i Afghanistan i perioden oktober 2005 til februar 2006.»[11] Utmerkinga blei overrekt til Bolle si enkje og son under ein seremoni på Akershus festning 8. mai 2011.[12] Under same seremoni vart også Eirik Johan Kristoffersen og Jørg Lian tildelte medaljen.

I 2014 vart det sett opp eit minnesmerke med Namnet til bolle i Vestby.[13]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Trond André Bolle Arkivert 2010-08-21 ved Wayback Machine., Forsvaret (07.07.2010). Besøkt 21.08.2010.
  2. Eric Brekstad Utheim og Theis Roksvåg Pedersen (19.09.2012). «Bolle bedt om å gå undercover i Hells Angels. Spionerte for NATO. Matet amerikanerne med informasjon». Verdens Gang. Henta 19.09.2012. 
  3. Rolf J. Widerøe og Hans Petter Aass
  4. «Norske agenter sendt på oppdrag i 9 land», DN.no, 5. februar 2011.
  5. Litt av en fyr, Dagbladet, publisert 05.02.2011
  6. «Navnene på drepte soldater offentliggjort». VG. 28.06.2010. Henta 28.06.2010. 
  7. «Vestby-mann drept i Afghanistan». Østlandets Blad. 28.06.2010. Henta 28.06.2010. 
  8. 8,0 8,1 «Trond Bolle hentet Skah-barna til Norge». NRK. 29.06.2010. Henta 01.07.2010. 
  9. Tom Bakkeli (07.08.2011). «Pappa kom aldri hjem». VG helg. 
  10. «Gunnar Sønsteby: - Trond André Bolle fortjener medaljen». VG. 29.06.2010. Henta 30.06.2010. 
  11. «Offisielt fra statsråd 21. januar 2011]». regjeringen.no. Henta 21. januar 2011.  (daud lenkje)
  12. Anders Park Framstad, Tom Bakkeli og Rolf J. Widerøe: «Sønnen (10) tok imot Trond Bolles krigsmedalje», VG nett, 8. mai 2011.
  13. «Krigshelten Trond André Bolle hedres - blir første navn på nytt minnesmerke», TV2, 8. mai 2014.

Biografiar[endre | endre wikiteksten]

  • Widerøe, Rolf J. og Hans Petter Aass: Krigshelten. Historia om marinejegeren og etterretningsagenten Trond Bolle, Oslo: Gyldendal, 2012. ISBN 978-82-05-42427-2
  • Gjestvang, Bjørg og Jon Gangdal: Trond Bolle. Alles heilt – min mann, Oslo: Kagge, 2012. ISBN 978-82-489-1195-1