Trond Birkedal
Trond Birkedal | |
![]() Trond Birkedal i 2010 Foto: Lars Åge Kamfjord | |
Fødd | 22. mars 1980 (43 år) Stavanger kommune |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Framstegspartiet |
Yrke | politikar |
Trond Birkedal (fødd 22. mars 1980) er ein norsk tidlegare politikar (FrP) oppvaksen i Stavanger.
Han var formann i ungdomspartiet Framstegspartiets Ungdom (FpU) frå 2002 til 2008.
Birkedal tok økonomiske og administrative fag i vidaregåande skule, og byrja på jusstudium før han byrja å arbeidde med politikk på heiltid frå 1999. I 2006 vart han attvald som formann i FpU for den tredje perioden sin. Birkedal var òg politisk nestformann i Rogaland FrP fram til 2009. Birkedal sit i bystyret i Stavanger og i fylkestinget i Rogaland.
6. desember 2006 vart Trond Birkedal vald til ordførarkandidat i Stavanger FrP i ein opprivande nominasjonsprossess før kommunevalet 2007[1]. Etter at Birkedal vart nominert til ordførarkandidat, tok han ikkje gjenval som formann i FpU på landsmøtet i 2008. Han vart erstatta av Ove André Vanebo. Birkedal vart vald som medlem av sentralstyret i FrP på landsmøtet i 2009.
Verv[endre | endre wikiteksten]
- 2007-2011 Gruppeleiar Stavanger Frp
- 2009-2011 Medlem av Frps sentralstyre og landsstyre
- 2006-2011 Leiar av Frps oppvekst og skolepolitisk utval
- 2006-2009 Pol. nestleiar i Rogaland Frp
- 2002-2008 Formann i FpU
- 2002-2007 Info. rådg. Stavanger Frps bystyregruppe
- 2000-2002 1. nestformann i FpU
- 1999-2000 Formann i Rogaland FpU
- 1997-1999 Formann i Stavanger FpU
- 1998-1999 Pol. nest, Rogaland FpU
- 1998-1999 Studieleiar, Stavanger Frp
- 1998-1999 Pol.nest i NGS Rogaland (Noregs Gymnasiastsamband)
- 1999-2007 Nestleiar i Kommunalstyret for helse og sosial i Stavanger
- 1999-2003 Medlem av helse og sosialutvalet i Rogaland
- 1999- d.d Medlem av Rogaland fylkesting
- 1999- d.d Medlem av opplæringsutvalet i Rogaland
- 1999- d.d Medlem av inntaksnemda.
- 1999- d.d Medlem av Stavanger Bystyre
- 1999-2001 Fylkessekretær i Rogaland Frp
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Trond Birkedal» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 4. januar 2010.
- Intervju med Birkedal på Studenttorget.no i høve valet 2007.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Frp-bråk kysten rundt Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine.» av Anja W. Fremo på Aftenbladet.no (18.12.2006).