Trond Johansen (1924)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trond Johansen
Fødd13. mai 1924 (99 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, militær
InstitusjonarEtterretningstenesta

Trond Ivar Johansen (fødd 13. mai 1924) er ein norsk etterretningsmann som tidlegare var assisterande direktør i Forsvaret sin etterretningsstab. Han har vore ein sentral skikkelse i diskusjonen om og granskingane av dei løynlege tenestene i Noreg på 1970-, 1980- og 1990-talet.

Johansen var gift med Grethe Johansen, tidlegare leiar for Akershus Ap og medlem av Sentralstyret til Arbeidarpartiet. Sjølv melde han seg inn i AP i 1960 og var i ein del år frå 1973 medlem av Sikkerheitspolitisk utval.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Trond Johansen voks opp i fattige kår i Drammen og har inga formell utdanning.

Han byrja etterretningsarbeidet sitt for XU i Drammen under andre verdenskrigen. Han flykta til Sverige i mars 1945.[1] Etter krigen vart Johansen henta rett inn i oppbygginga av Forsvarets etterretningsteneste.

Rolle i E-tenesta[endre | endre wikiteksten]

Johansen var leiar for den seksjon i etterretningsstaben som var ansvarleg for innsamling av såkalla menneskebasert etterretning (humint). I tenesteperioden var han underlagt følgjande sjefar: Vilhelm Evang, Johan Berg, Reidar Torp, Sven Hauge, Fredrik Bull-Hansen, Jan Ingebrigtsen, Egil Eikanger og til sist Olav Bjerke.

Johansen gjekk av med aldersgrensepensjon i mai 1994.[2]

Listesaka[endre | endre wikiteksten]

I samband med Listesaka mot mellom anna Ivar Johansen i 1977 vart Johansen si rolle i norsk etterretningshistorie fyrst kjend for eit videre publikum. Han skulle då ha freista rhindra at Ivar Johansen gjekk til pressa med stoff om dei hemmelege tenestene, inkludert spionasje i Finland.[3] Dette initiativet mislukkast, og Trond Johansen enda i staden opp som vitne i Listesaka.[4]

Rolle i Arbeidarpartiet[endre | endre wikiteksten]

Trond Johansen var nær ven av tidlegare utanriksminister Knut Frydenlund i 30 år. Dei vart kjende då begge var stasjonerte i Vest-Tyskland på 1950-talet. Då Trond Johansen i 1973 kom inn i det utanrikspolitiske utvalet i Arbeiderpartiet, vart Frydenlund samstundes den førande personen i partiet i høve til tryggingsspolitikk.

Også den tidligare utanriksministeren Thorvald Stoltenberg var ein god ven av Johansen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sæter, Einar (1917-2010) (1995). XU: i hemmeleg teneste 1940-1945. Samlaget. ISBN 8252145353. 
  2. Etterretningstjenesteutvalget (1994). [Nygaard Haug-utvalgets rapport]. Forsvarsdepartementet. 
  3. «Stay behind – Norges skjulte statlige monster-mafia», Nyhetsspeilet (på norsk bokmål), 20. september 2011, henta 5. juli 2019 
  4. Alf Ole Ask og Ingolf Håkon Teigene (24. oktober 1987). «Hysjtjenestens sterke mann». Dagbladet.