Trond Johansen (1924–2026)
| Trond Johansen | |||
| | |||
| Fødd | 13. mai 1924 Drammen kommune | ||
|---|---|---|---|
| Død | 19. juni 2026 (102 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Arbeidarpartiet | ||
| Yrke | politikar, militær, motstandskjempar, etterretningsagent | ||
| Institusjonar | Etterretningstenesta | ||
Trond Ivar Johansen (13. mai 1924–2026)[1][2] var ein norsk etterretningsmann som var assisterande direktør i Forsvaret sin etterretningsstab. Han var ein sentral skikkelse i diskusjonen om og granskingane av dei løynlege tenestene i Noreg på 1970-, 1980- og 1990-talet.
Johansen var gift med Grethe Johansen, og var mellom anna leiar for Akershus Ap og medlem av Sentralstyret til Arbeidarpartiet. Sjølv melde han seg inn i Ap i 1960 og var i ein del år frå 1973 medlem av Sikkerheitspolitisk utval.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Trond Johansen voks opp i fattige kår i Drammen og hadde inga formell utdanning.
Han byrja etterretningsarbeidet sitt for XU i Drammen under andre verdenskrigen. Han flykta til Sverige i mars 1945.[3] Etter krigen vart Johansen henta rett inn i oppbygginga av Forsvarets etterretningsteneste.
Rolle i E-tenesta
[endre | endre wikiteksten]Johansen var leiar for den seksjon i etterretningsstaben som var ansvarleg for innsamling av såkalla menneskebasert etterretning (humint). I tenesteperioden var han underlagt følgjande sjefar: Vilhelm Evang, Johan Berg, Reidar Torp, Sven Hauge, Fredrik Bull-Hansen, Jan Ingebrigtsen, Egil Eikanger og til sist Olav Bjerke.
Johansen gjekk av med aldersgrensepensjon i mai 1994.[4]
Listesaka
[endre | endre wikiteksten]I samband med Listesaka mot mellom anna Ivar Johansen i 1977 vart Johansen si rolle i norsk etterretningshistorie fyrst kjend for eit vidare publikum. Han skulle då ha freista hindra at Ivar Johansen gjekk til pressa med stoff om dei hemmelege tenestene, inkludert spionasje i Finland.[5] Dette initiativet mislukkast, og Trond Johansen enda i staden opp som vitne i Listesaka.[6]
Rolle i Arbeidarpartiet
[endre | endre wikiteksten]Trond Johansen var nær ven av tidlegare utanriksminister Knut Frydenlund i 30 år. Dei vart kjende då begge var stasjonerte i Vest-Tyskland på 1950-talet. Då Trond Johansen i 1973 kom inn i det utanrikspolitiske utvalet i Arbeiderpartiet, vart Frydenlund samstundes den førande personen i partiet i høve til tryggingsspolitikk.
Også den tidligare utanriksministeren Thorvald Stoltenberg var ein god ven av Johansen.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Johansen, Anders Holth; NTB; Støre (Ap), Jonas Gahr; Stoltenberg (Ap), Jens; Kristoffersen, Eirik (2026-06-19). «Etterretningslegende Trond Johansen (102) er død». Dagbladet (på norsk bokmål). Henta 2026-06-19.
- ↑ Skartveit, Hanne (2026-06-19). «Norges hemmeligste mann». VG (på norsk). Henta 2026-06-19.
- ↑ Sæter, Einar (1917-2010) (1995). XU: i hemmeleg teneste 1940-1945. [Oslo]: Samlaget. ISBN 8252145353.
{{cite book}}: CS1 maint: numeric names: authors list (link) - ↑ Etterretningstjenesteutvalget (1994). [Nygaard Haug-utvalgets rapport]. [Oslo]: Forsvarsdepartementet.
- ↑ «Stay behind – Norges skjulte statlige monster-mafia», Nyhetsspeilet (på norsk bokmål), 2011-09-20, henta 2019-07-05
- ↑
Alf Ole Ask og Ingolf Håkon Teigene (24. oktober 1987). «Hysjtjenestens sterke mann». Dagbladet.
{{cite journal}}: CS1 maint: year (link)
- Denne artikkelen bygger på «Trond Johansen (1924)» frå Wikipedia på bokmål, den 13. oktober 2017.