Trond Kirkvaag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Trond Georg Kirkvaag (21. juni 194616. november 2007) var ein norsk komikar, skodespelar og imitator fødd i Oslo, som har laga ei rekke humorprogram på NRK gjennom over 30 år. Kirkvaag er son av den tidlegare NRK-programleiaren Rolf Kirkvaag. Han er best kjent for sitt mangeårige samarbeid med Knut Lystad og Lars Mjøen i komikartrioen KLM, og for serien Trotto Libre som han laga saman med Otto Jespersen.

Trond Kirkvaag blei tilsett i NRK i 1968. Ein av dei tidlege suksessane hans var Buffalo Bløffs internasjonale vegg-til-vegg-show frå 1973 som han laga saman med Jon Skolmen. Programmet vann Chaplin-prisen på Montreux-festivalen. Tre år seinare vann Kirkvaag og Skolmen både Gullrosa, Chaplin-prisen og Presseprisen i Montreux for The Nor-way to broadcasting, eit humoristisk program om kringkastinga si historie i Noreg.

Samarbeidet med Lystad og Mjøen starta i 1976 med Nynytt, eit satirisk nyheitsprogram som i stor grad var inspirert av britiske humorseriar som Monty Python's Flying Circus. I 1978 lagde trioen den fyrste av i alt fire seriar om Brødrene Dal. Andre KLM-seriar inkluderer MRK Fjærsynet, Skai-TV og Nachspiel. I tillegg har trioen laga Montreux-bidraga Diplomatix og The Rise and Fall of an Olympic Village, så vel som spelefilmen Noe helt annet. KLM vann Leonardstatuetten i 2001.

Ja, det ser ikkje ut til at vi får kontakt med Calgary, så der har vi nok ei døme på at den finske producaren ikkje heilt kveit kva han driv med på... Kvei–... Kveit skal det vel vara... Det er ein feil her... Ikkje kveit står det her ja – ikkje heilt kveit kva han driv med på.

Trond Kirkvaag parodierer Sølve Grotmol i Skai-TV (1988)

I 1996 laga Kirkvaag sketsjprogrammet Trotto Libre saman med Otto Jespersen, kor Kirkvaag skapa rollefigurane Skræmmer'n og Jacob Winche-Lanche. Etter at Kirkvaag og Jespersen avslutta samarbeidet, har Kirkvaag vore på skjermen med sitt eige talkshow, Showtalk. Våren 2007 blei det kjent at Kirkvaag hadde kreft.

Trond Kirkvaag lanserte 1. august 2007 sjølvbiografien Kom ikke nærmere. Jeg og far der han blant anna skildrar korleis det var å vekse opp i 1950-åra med ein NRK-kjendis som far. Han har tidlegare skrive kriminalromanen Kongen som blei utgjeven i 1999.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]