Trond Kleppen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Trond Kleppen
Trond Kleppen frå rådmannstida.jpg
Fødd 1. august 1946
Løten
Yrke sjukepleiar, rådmann

Trond Kleppen (fødd 1. august 1946) i Løten i Hedmark er tidlegare ass. rådmann og rådmann i Ål kommune (1996-2008).

Etter vanleg skulegang i Løten og Elverum, eit år på folkehøgskule og eit år i Hans Majestet Kongens Garde, starta han sjukepleiarutdanning ved Rikshospitalet (1967-1970). I januar 1970 gikk han direkte over til radiografutdanning ved Ullevål. På eit kull for ferdig utdanna sjukepleiarar, vart dei Norge sine fyrste godkjente radiografar i 1972. Pliktteneste hadde han som lærar ved Radiografskulen. I februar 1972 gifta han seg med Bente Dankertsen og flytta til Vestlandet.

Etter eit halvt år ved kirurgisk avdeling og røntgenavdelinga ved Voss sjukehus, fekk han tilbod om styrarstilling i Vaksdal kommune (kona sin heimplass) der han var tilsett i 3 år. Etter tilbod om stilling som oversjukepleiar ved kirurgisk avdeling i Kongsvinger, starta han i slik stilling i 1975. Her tok han meir leiarutdanning. I 1979 flytta han og familien til Ål i Hallingdal og stillinga som adm. sjef ved Hallingdal sjukestugu. Buskerud fylke skulle starte ein ny institusjonstype for Sør-Norge, og som fyrste leiar tok han utfordringa med å utvikle institusjonen og bygge opp tenestenivået over ein periode på 15 år. I 1990 vart dette krona med to ferdigstilte nybygg åpna av HKH Sonja. Da var sjukestugu i tillegg til den opprinnelege somatiske avdeling, utvida med psykiatrisk avdeling, psykiatrisk poliklinikk og eige nybygg for somatisk poliklinikk med 10 spesialistområder. Utvidinga med luftambulanse vart òg realisert før han ga seg og gikk over til stilling som trygdesjef i Ål.

I 1996 vart han tilsett som assisterande rådmann i Ål kommune fram til han tok over rådmannstillinga. I 2008 gikk han av med pensjon etter 12 år ved rådmannskontoret i Ål. Etter pensjonering tok han i 3-4 år mindre prosjektjobbar i Hallingdal Lokalmedisinske senter, Deaf Aid og ved Ål Folkehøgskole.

Etter dette opna moglegheita for samfunnsbygging gjennom frivilligheitsarbeid, som han til dels hadde vore innom i periodar tidlegare.

Trond Kleppen frå rådmannstida.jpg

Frivilligheitsarbeid 1979 – til d.d.:

  • UL Fram styremedlem 1979-1981
  • Ål Musikkorps 1979 – 1986
  • Ål og Torpo Senterparti styremedlem og sekretær i 1980-1984
  • Ål og Torpo Senterparti styreleiar i 1984-1985
  • Buskerud fylke plankomitè for poliklinikkar medlem i 1983-1984
  • Hovudutvalet for Oppvekst medlem i 1983-1987
  • Ål IL Handballgruppa styremedlem og arrangementsansvarleg i 1983-1988
  • Hovudstyret i Ål IL nestleiar i 1986-1988
  • Ål Rotaryklubb medlem 1991 – 2016
  • Ål Rotaryklubb president 2008
  • Ål Rotaryklubb leiar samfunnskomiteen 2008 – 2015
  • Rotary District 2310 Ass. Guvernør 2012-2014
  • Ål Handelsstandsforeining konsulent 1993-1995
  • Ål Utstillinga dagleg leiar 1993-1995
  • Gjensidige Hallingdal nestleiar i styret 1995 -2012
  • Hemsedal Meieri styret 2008 – 2012
  • Deaf Aid styremedlem og økonomimedhjelpar 2008 * 2012
  • Skatteoppkrevaren i Hallingdal styremedlem 2011 -
  • Lagmannsretten Drammen lagrettemedlem 2011-
  • Ål Folkehøyskole og kurssenter for døve økonomibistand 2012 * 2015
  • Venner av Hallingdal sjukestugu styremedlem 2013 – 2016
  • 17.mai-nemnda medlem i 2014 og 2015
  • Ål Skulekorps org.-sekr. 2014 -
  • Korpsforum Hallingdal sekr. 2015 *
  • Ål V.g.skule eksamensvakt 2014 -
  • Venelaget ved Ål Kulturhus styreleiar i 2016 -
  • Ål IL hovedstyret nestleiar i 2016-2017
  • Ål IL hovedstyret leiar i 2017 –
  • Liatoppen skisenter medlem i eigarstyret 2016-
  • NM-komiteen for skiskyting 2019 medlem 2017-
  • Forliksrådet i Ål 2016-