Trond Nymark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trond Nymark
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. desember 1976 (47 år)
Bergen
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2004

Trond Nymark (fødd 28. desember 1976) er ein norsk kappgjengar frå Bergen. Han representerer TIF Viking og er verdsmeister på 50 kilometer frå 2009.

Det beste resultatet hans er frå VM i friidrett 2009. Her sette han ny norsk rekord med tida 3,41,16 på 50 kilometer og kom på andreplass, berre slegen av russaren Sergej Kirdjapkin. Over fem år seinare vart det kjend at Kirdjapkin var knipen i doping etter gransking av blodpasset hans og at han var diskvalifisert frå tevlinga.[1][2] Nymark vart dermed verdsmeister frå Berlin-VM.

Trond Nymark har tidlegare delteke i sommar-OL 2004 i Aten, sommar-OL 2008 i Beijing, og deltok også for Noreg under sommar-OL 2012 i London.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. RUSADA (Det russiske anti-doping byrået): Информация о дисквалификации: легкая атлетика Arkivert 2015-01-20 ved Wayback Machine., 20. januar 2015
  2. James Ellingworth: 3 Russian Olympic champion race walkers banned for doping, Associated Press, 20. januar 2015

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]