Trondenes kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 68°49′18″N 16°33′40″E

Trondenes kyrkje
kyrkje
Trondenes kirke.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms
Kommune Harstad
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Sokn Trondenes
Fellesråd Harstad
Lengd Utvendig lengd: 36 m, m
Type Langkyrkje
Teknikk Mur
Material Stein (tretak)
Innvigd Ferdigbygd kring 1440
Kor Utvendige mål: 13,5 x 11,5 m.
Skip Einskipa. Utvendige mål: 22,5 x 17 m.
Kyrkjegard Det er gravplass ved kyrkja
Preikestol Frå 1792
Døypefont Romansk, truleg frå ei tidlegare kyrkje
Altartavle Tre alterskåp frå Lübeck 1400/1500-tal i kyrkja, i tillegg ei i Bergen museum
Wikimedia Commons: Trondenes kirke

Trondenes kyrkje er soknekyrkje for Trondenes sokn i Harstad kommune i Trondenes prosti. Kyrkja er den nordlegaste bevarde mellomalderkyrkja i Noreg og hovudverket i norsk seinmellomlalderkunst. Det var Svein Erikson, som var sokneprest i Trondenes frå 1427 og seinare dekan i Nidaros, som sytte for at kyrkje vart bygd[1]. Ho er den rikast ustyrte mellomalderkyrkja i Nord-Noreg, og ho har det høgaste bevarte kyrkjeskipet i ei norsk mellomalderkyrkje utom Nidarosdomen. Opp til toppen av vestgavlen er det 23 meter.

Kyrkja ligg på Trondenes, om lag tre kilometer nord for sentrum av Harstad, ein historisk stad med spor attende til vikingtida. Ein har lenge meint at kyrkja var bygd rundt 1250, men nyare forsking tydar på at ho er bygd på 1400-talet. Det er årringsprøvar av takverket som har gjort at ein har kome fram til at kyrkja truleg var ferdigbygd kring 1440. Kyrkja er bygd på eit område der det truleg tidlegare har stått trekyrkjer frå 1100-talet. Rundt kyrkja finst det restar av festningsverk. Formålet med det var truleg å verne kyrkja mot brutale russiske skatteinnkrevarar som verka i Finnmark og Troms på 1400- og 1500-talet.

I Noreg var det lite kyrkjebygging på 1400-talet. Det verkar vore noko økonomisk tilbakegang allereie før Svartedauden kom kring 1350, men Svartedauden og dei påfølgjande pestane førte til ein stor attendegang i folketalet og med det nedgang også i jordleiga kyrkja til ein stor del levde av. Dette vart i Nord-Noreg oppvoge av ein blømande tørrfiskhandel, og det er truleg tørrfiskpengar som har finansiert bygginga av Trondenes kyrkje.

Inventar[endre | endre wikiteksten]

Dei tre altertavlene i kyrkja. Alle er Lübeck-arbeide frå kring 1500.

Kyrkja har heile tre altertavler i form av alterskåp laga i verkstaden til den kjende bileteskjeraren Bernt Notke[1] frå Lübeck. Dei er frå perioden slutten av 1400-talet til byrjinga av 1500-talet og står plaserte på dei tre altera øvst i koret. I tillegg er ei tilsvarande tavle teken vare på i Bergen museum og ei ved Historsk museum i Oslo[1].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 K.E. Harr, Fabelens farkost: loggbok fra ei jekt, J.W. Cappelens forlag, 1997.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Ekroll, Øystein, Stige, Morten, Havran, Jiri, Middelalder i stein 1. band i serien Kirker i Norge, Oslo 2000, ISBN 82-91399-09-3

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne kyrkjeartikkelen som har med Troms å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.